Fredag ettermiddag og kveld var det aktivitetsdag i tunet på Bruset i regi av Todalen elveeigarlag. Laget ønsker å fremme interessa for elvefiske, samtidig som det også var lagt inn andre aktivitetar i programmet. Elveeigarlaget hadde hyra inn Start 4H og Todalen idrettslag som medarrangør og denne fine sommarkvelden kom det nærare 50 deltakarar med smått og stort.
Arrangøren hadde hyra inn Jo Kvande Hansen som instruktør for flugefisket, og alle som hadde lyst fekk prøve seg som flugefiskarar – her gjelder at ein må lære litt teknikk og så må det litt øving til. Jo fikk det til å sjå enkelt ut, og jammen var det mange unge laksefiskarar som lærte dette fort. Stig Husby som er leiar i Todalen Elveeigarlag seier at laget vil skaffe seg fleire stenger. Sjølv om vi er inne i ei skjebnestund for villaksen, så vil vi være optimistar og satse på at dette er ein aktivitet som vi skal fortsette med også i framtida. Det er stort behov for rekruttering av yngre krefter til elvefisket, og Stig føler seg sikker på at dette er rette veg å gå.
I gardstunet på Bruset var det og lagt opp til fleire aktivitetar – Kristoffer Nordvik demonstrerte fluebinding , og borna fekk prøve seg på bogeskyting, balansetrening og sjølvsagt var det det grilling. Ola Dalsegg var grillmester, og saman med gjengen frå Todalen IL og Start 4H vart servert både pølser, hamburgarar, fiskeburgarar – og sjølvsagt kaffe frå svartkjelen for dem som ville ha det. Dette må bli ein årleg tradisjon seier Stig Husby – vi må vise at laksefisket som hobby kan ha mykje trivsel i seg – det er ikkje berre matauk. På denne måten blir det både triveleg, interessant og lærerikt – ein hobby du kan ha mykje glede av i resten av livet.