Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps-  og  helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i Todalen Sanitetsforening sa at det er fleire grunnar til at ein no set fokus på den lokale beredskapen, mellom anna hyppigare ekstremvêr som vil dra med seg fleire rasulykker og flaumar. I tillegg er det fare for spreiing av radioaktivitet i samband atomulykker på grunn av ufred i Europa, og kanskje til og med krigshandlingar som kan eskalere i verste fall.

Det var stor einigheit om at det er behov for eit slik lokalt samarbeid, og set er nok alt mange som har ordna seg med private beredskapspakkar etter oppfordring frå Direktoratet for samfunnssikkerheit. Saniteten meiner det no er på tide å tenkje i større målestokk, og ønskjer difor i første omgang å få ein intensjonsavtale om samarbeid og i neste omgang å formalisere ein slik avtale for heile bygdesamfunnet. Det vart nemnt at ein kunne bygge opp eit felles lager med reint vatn, gass til koking, straumaggregat og drivstoff, mat og medisinar – og andre ting som ein treng for å berge over nokre dagar om ein kritisk situasjon skulle oppstå.

Det var folk frå fleire lag og organisasjonar til stades på beredskapsmøtet – til neste møte vil ein prøve å mobilisere leiarane til å møte opp for å bli med på dette viktige arbeidet. Foto Jon Olav Ørsal

Nytt møte for å kome vidare.
Det var stor interesse for å koma i gang med eit slik samarbeid, og møtelyden reserverte torsdag 13. april kl 19:00 til å koma saman i Sanitetshuset for å starte med meir organisert arbeid for eit slik opplegg. Denne kvelden vil leiarane i alle lag og organisasjonar, samt bedrifter i bygda oppfordre til å kome på møtet for å prøve å kartlegge både behov og ressursar som finnes tilgjengeleg – og ikkje minst bli einige om ambisjonsnivå. Det vil også være naturleg å involvere både ambulansetenesta, det lokale brannvernet og Heimevernet i desse planane.

I det heiletatt var det eit interessant møte og det kom fram mange idear som vi kan spinne vidare på – vi er godt i gang, konkluderte leiaren da ho takka for frammøtet.

Først publisert: 31. mars 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 30. mars 2023, 21:53