Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øvde og finpussa førstehjelpskunnskapen

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Det er viktig å halde kompetansen vedlike og repetere førstehjelpskunnskapen med jamne mellomrom, seier utrykningsleiar Håvard Halset i Todalen brannlag. I kveld var heile gjengen, det vil seie alle 6 som tilhører det lokale brannvernet for Todalen, samla på brannstasjonen og kveldens tema var førstehjelp.

Dei arbeider heile tida for å dyktiggjera seg for situasjonar som kan møte dei når alarmen går og dei blir kalla ut. Mannskapet i det lokale brannvernet er ofte på plass med hjartestartaren 5 minutt etter at alarmen er gått. Da er det viktig å ha øvd på slike situasjonar som dei veit kan oppstå, slik at dei kan yte best mulig førstehjelp til ambulansen kjem. Det tar minst 20-30 minutt før ambulansen er på plass frå Surnadal.

Den nye brannpumpa på tilhengaren. Heile laget samla, frå v. Bjørn Kvendset, Ståle Ansnes, Marie Martinussen, Anders A. Karlsen, Håvard halset og Dan Roger Pedersen. Foto: Jon Olav Ørsal

På kveldens samling vart også den «nye» brannpumpa gjennomgått og prøvd ut og plassert inn i beredskapen på utstyrstilhengaren som høyrer til utstyrsvogna som brannvernet har til disposisjon på brannstasjonen på Kvennset. Den er tidlegare bruka ved brannstasjonen i Surnadal, der den er erstatta av anna utstyr.

Bra at vi har ein engasjert gjeng som tek brannvernet på alvor og heile tida jobbar for å dyktiggjera seg.

Den gamle smørehallen er i dag brannstasjon for det lokale brannvernet i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 28. juni 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 27. juni 2019, 21:30