Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. september 2022

Vi går mot ein vinter med høge straumprisar og dermed auka bruk av vedfyring som ei av varmekjeldene. Med bakgrunn i dette hadde Todalen Brannlag, i går kveld, brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp.  

Todalen Brannlag har ved fleire høve, spesielt dei siste åra, vist at dei gjer ein stor forskjell, både ved brannar og akutt sjukdom/ulykker. Nærheit og god lokalkunnskap gjev kort responstid i situasjonar der tid er ein heilt avgjerande faktor. 

Korleis merkar du at du har pipebrann?

Ein pipebrann kan du merke ved at pipa blir veldig varm, og ofte kan det begynne å buldre og brake inne i pipa. Det er likevel ofte naboen som vil merke pipebrannen først, fordi det kan stå flammar opp av skorsteinen.

Øving ved Norges Brannskole. Foto: Michal Heimlund

Todalen Brannlag kjem nedanfor med mange gode tips for å unngå pipebrann, førebyggande tiltak for å redusere faren for slik brann, tilrettelegging for å redusere konsekvensane ved ein eventuell pipebrann, og ikkje minst kva ein skal gjere dersom uhellet likevel skulle vere ute.

Tips for å unngå pipebrann:

  1. Bruk tørr ved når du fyrer opp i peisen eller omnen.
  2. Ikkje fyll peisen eller omnen for full med ved.
  3. Sørg for god utlufting og god trekk.
  4. Sjekk at skorsteinar og eldstader er i god stand.
  5. Ikkje bruk bensin, tennvæske eller andre brennbare væsker i peisen eller omnen.

Førebyggande tiltak:

  1. Dersom eldstaden ikkje har vore brukt på lang tid, unngå sprengfyring.
  2. Orienter deg om kvar brannvesenet kan finne stige for raskt å kunne få tilgang til pipa på taket.

Skulle uhellet likevel vere ute, så;

  1. Prøv å redusere intensiteten ved å lukke spjeld eller trekken på omnen.
  2. Søk sikkerheit vekk frå varme flater eller røykfylte rom. Husk at du ikkje må sette deg sjølv i fare. Du må alltid evakuere før det blir farleg å opphalde seg inne.
  3. Meld frå til nødnummer 110 ved brann.

Ved å følge desse gode tipsa, kan vi gå ein ny fyringssesong trykt i møte!

Publisert: 16. september 2022, 05:00