Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal bibliotek – Lesesirkel og pusterom

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. februar 2023

Surnadal bibliotek kan dei komande vekene pressentere fleire nye tilbod, dei håper vil auke leselysta! Dei presenterer også nye digitale tenester for å gjere seg meir tilgjengelege. 

Lesesirkel

Det vil bli igangsett tre lesesirklar i dei neste par månadane. Første boka det skal pratast kring er svenske Karin Smirnoffs «Jeg dro ned til bror», og det torsdag 2. mars kl. 19.

Lesesirkelen er lagt opp slik at ein les kvar for seg, og så samtalar om boka på Lesesirkel-treffet over ein kopp kaffe eller te.

Neste bok ut er «På jorda er vi glimtvis vakre» av Ocean Vuong, og lesegleda over den boka blir delt torsdag 30. mars. 

Biblioteket hjelper sjølvsagt til med å få lånt bøker til deg, men det er fint om ein melder frå tidlegast muleg ved bokutlån.

Vil du dele leseopplevinga med andre ved å vere med i sirkelen, gjer du det på biblioteket@surnadal.kommune.no, på telefon eller melding til 476 80 79 eller på Surnadal bibliotek si Facebookside.

«Litterært pusterom»

Biblioteket har gode leseleiarar som inviterer til «litterære pusterom» ein gong i månaden.

På desse kveldane blir det høgtlesing av noveller og dikt og så samtale kring tekstene ein har hørt. Det er eit veldig uforpliktande opplegg for ei lita gruppe, kort sagt: heilt «ufarleg» å vere med på.

Neste «litterært pusterom» er onsdag 8. mars kl. 18 og påmelding på same vis som for lesesirkelen. Er du inne på facebook, kan ein også melde seg på i kommentarfeltet i innlegget om «litterært pusterom».

Nye digitale tenester

Du kan låne lyd- og e-bøker gjennom biblioteket. Og ein har tilgang til tre ulike filmtenester.

Du kan også få tilgang til kring 7000 papiraviser og tidsskrift frå 125 ulike land gjennom pressreader.

Gå inn på surnadal.kommune.no/bibliotek/tjenester/digitalt/ for å lese meir om desse digitale tenestene til biblioteket.

Publisert: 24. februar 2023, 16:09