Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorfilmklubben inviterer til picnic

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. mars 2023

Onsdag 22. mars klokka 12:00 inviterer seniorfilmklubben til filmen «Picnic med døden» på Surnadal kino. Dei fleste hugsar nok da dei såg «Picnic med døden», frå 1972, for første gong. Da satt sikkert mange av dei som les dette heilt frampå ein lakka trestol i Trudvang. No er sjansen der igjen, men denne gongen på eit noko mjukare sitteunderlag i Surnadal kino.

«Picnic med døden» handlar om noko som tilsynelatande skulle vere ein koseleg kanotur med fire bykarar, men som utviklar seg til å bli eit mareritt og ein heftig kamp for å overleve.

Det starta rett nok idyllisk, med den kjente banjoduellen. Men etter kvart vart det duellert med langt verre våpen.

«Picnic med døden», som går på kinoen onsdag er den siste seniorfilmklubben viser denne våren. Men klubben er tilbake igjen sist i september med filmar som «Moulin Rouge», «The Shape of Water» og «Alle hater Johan».

Men om det ikkje er så mykje gammal film å sjå framover, er det mykje ferskvare å finne på kinoen: Den norske familiefilmen «Dancing Queen» blir vist frå fredag 17. mars. Og frå da blir det også gjensyn med ein noko utradisjonell superhelt: «Shazam: Fury of The Gods». Og fredag 24. mars blir det skrive eit nytt kapittel i soga om John Wick (John Wick: Chapter 4).

 

Publisert: 17. mars 2023, 17:51