Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstra med film på kinoen i vinterferien

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. februar 2023

Veka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.

Fem filmar er sett opp denne siste heile februarveka, frå reinspikka mareritt til farkete mukkler. Og for å ta den siste først: Mukklene er små skapningar som meiner at rot og kaos er sjølve meininga med livet.


«Mukklene»

I «Mukklene og hvordan de kom til gubben og katten» blir vi også kjente med dei før dei vasa seg bort til Gubben og katten, for da levde dei i ein gamaldags og rotete butikk. Reinaste paradis, altså, heilt fram til det kom ein ny og ryddigare eigar. «Mukklene» blir vist frå tysdag av i denne veka.

Kjøp billettar til «Mukklene»


«Marerittet»

«Marerittet», som ein må seie er tiltenkt eit heilt anna publikum. Norsk skrekkfilm med 15-års-grense og «velspilt mareskrekk», skreiv NRK og trilla til fire på terningen – og det er vel den poengsummen som snittet landa på.

Kjøp billettar til «Marerittet»


«Tina & Bettina 2 – The comeback»

Ny norsk premiere frå fredag av: «Tina & Bettina 2 – The comeback» (12 år). Ti lange år har gått etter den siste filmen om superduoen, og alt er ikkje så supert lenger. Tina har t.d. gifta seg med ein rik 89-åring som er så seigliva at ingen arv ser ut til å kome med det første. Og Bettina slit også med sitt i eit gjennomrote ekteskap.

Kjøp billettar til «Tina og Bettina»


«Ant-man and The Wasp – Quantumania»

Elles går Marvel-filmen «Ant-man and The Wasp – Quantumania (12 år) på kino tre dagar denne veka. Du veit kva du får, for å seie det slik. «Trygt og velkjent», skriv NRK, og slenger på at det kanskje blir litt vel velkjent. Merk deg at filmen har fleire sekvensar med blinkande lys, og det kan påverke dei som er følsame for slikt.

Kjøp billettar til «Ant-man and The Wasp»


«A man called Otto»

Torsdagskvelden kan brukast til å strikke, samtidig som ein gløttar bort på ein grinete gubbe. Ein skal ikkje ha nokon sterk meining om kor ofte ein opplever dette, men ikkje så ofte i kinosalen i alle fall. For da blir det strikkekino med «A man called Otto», som er ein amerikansk versjon av den svenske filmen «En mann ved navn Ove». Ein fin surpompfilm til glede for alle, kanskje utanom Otto – spelt av Tom Hanks. Det vil bli noko lågare lyd, samt dempa lys, på strikkekinoen.

Kjøp billettar til «A man called Otto»


Du finn heile kinoprogrammet på surnadal-kulturhus.no.

Dei fleste aldersgrensene på kino kan avvikast om ein føresett meiner den unge er så moden at han/ho toler godt å sjå filmen. Ein føresett må da vere med og unnataket gjeld berre inntil tre år under sett aldersgrense. For film med aldersgrense seks år avgjer dei føresette om ungane, uavhengig av alder, kan sjå filmen – så lenge føresette er med og ser filmen.

Publisert: 20. februar 2023, 08:00