Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus Arkiv

Vi fann 156 artiklar i dette arkivet.


Opningstider på kulturhuset jul og nyttår

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. desember 2022

Julehøgtida nærmar seg med stormskritt, noko som inneber nokre endringar i opningstida på Surnadal kulturhus og biblioteket. Opningstidene som gjeld i jule- og nyttårshelga finn du på eigen plakat nedanfor. 


«Seniorfilmklubben» avsluttar haustsesongen med kinomagi

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben denne hausten, og blir vist på Surnadal kinoonsdag 14. desember klokka 12:00. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne filmen avsluttar haustsesongen, for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988. 


20-årsjubilant feira med verdigheit

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2022

Det vart ein fin jubileumskonsert for kulturhuset, da 2o-årjubileet vart feira med ein flott konsert i Storstua laurdag kveld.  Spesielt vart vi imponert over Batteri som ikkje har spela saman på 5 år, men som fann att tråden både med publikum og kvarandre. Dei beviste enno ein gong at dei er dyktig og kreative musikarar som […]


Bygdebok nummer 5 blir lansert laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. november 2022

Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.


Jubileum på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Surnadal kulturhus rundar tjue år i år, og det vil bli markert  laurdag 3. desember. Kulturskulen startar det heile med sin kaffekonsert klokka 12:00. Konserten kan godt krydrast i for- eller etterkant med eit besøk innom Finstuå. For der har Surnadal kunstforening utstilling «Haustlys», som verkar å treffe mange – og det på ein særleg positiv måte.


Bettan og Knut Marius til Vårsøghelga 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. november 2022

Vårsøghelga 2023 blir arrangert i Surnadal frå 25. til 28. mai Allereie no begynner programmet å fyllast på, og Vårsøghelga er stolte av å kunne presentere Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik som to av artistane under Kleivakvelden 27. mai klokka 18:00.


«Gjøkeredet» på seniorfilmklubben onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. november 2022

Onsdag 16. november klokka 12:00, viser seniorfilmklubben nok ein skikkeleg klassikar, nemleg «Gjøkeredet» frå 1975, på Surnadal kino. Filmen vann i si tid heile fem oscars – mellom anna for «beste film», «beste regissør» (Milos Forman), «beste mannlege hovudrolle» (Jack Nicholson) og beste kvinnelege hovudrolle. Den siste prisen vann nyleg avdøde Louise Fletcher for rolla som sjukepleiar Ratched.


45 år i seniorfilmklubben

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. november 2022

Onsdag 9. november klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til ein typisk «skuespelar-film» på Surnadal kino. 45 ÅR er «en aldeles nydelig film om gammel kjærlighet» (NRK) og handlar om eit ektepar som skal feire 45-års-bryllaupsdag sin. Men førebuingane blir skipla når han får eit overraskande brev.


Astrid Overaa med «mimrestund» i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. november 2022

Måndag 7. november klokka 14:00, inviterer Teatret Vårt til «mimrestund» med Astrid Overaa i Todalen ungdomshus. Fordi «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylkeskommune støttar denne «lune stunda» økonomisk, så er til og med  fri inngang!


«Kampen om Dovrefjell»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. november 2022

Tidlegare redaktør i Driva, og no forfattar, Svein Sæter, er saman med dottera, Yngvild Sæter, klar med ny bok. Surnadal bibliotek inviterer difor til lansering med Svein Sæter tysdag 8. november klokka 19:00 på Surnadal kulturhus.


Bob Dylan – 60 år på 60 minutt

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. november 2022

Onsdag 9. november klokka 19:00, inviterer Litteraturhuset i Møre og Romsdal og Surnadal bibliotek til møte med den lidenskaplege Bob Dylan «nerden» Espen Aas, i kinosalen på Surnadal kulturhus. 


Forviklingskomedie av Shakespeare

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. oktober 2022

Teatret Vårt fyller femti år i år, og torsdag 3. november klokka 19:00, kjem dei til Surnadal kulturhus med forestillinga «Tvillingene». Det blir mykje moro når to sett med sjarmerende einegga tvillingar, spela av radarparet Nils Vogt og Kim Haugen, prøver å finne seg sjølv. Slik vi alle gjer.