Øystein Sunde SOLO på Surnadal kulturhus
Søndag 12. mars klokka 19:00 kjem Øystein Sunde til Storstuå på Surnadal kulturhus, der han vil «servere» ei eventyrblanding av ein konsert han har kalla Øystein Sunde SOLO!
Vi fann 156 artiklar i dette arkivet.
Søndag 12. mars klokka 19:00 kjem Øystein Sunde til Storstuå på Surnadal kulturhus, der han vil «servere» ei eventyrblanding av ein konsert han har kalla Øystein Sunde SOLO!
Dei to neste vekene viser Surnadal kino filmar på dagtid, i tilleg til filmane i regi av Seniorfilmklubben. Det er filmane «La elva leve», som blir vist tysdag 28. februar klokka 13:00 og «The Whale», som blir vist tysdag 7. mars klokka 13:00, som er filmane som blir vist på dagtid dei to komande vekene.
Surnadal bibliotek kan dei komande vekene pressentere fleire nye tilbod, dei håper vil auke leselysta! Dei presenterer også nye digitale tenester for å gjere seg meir tilgjengelege.
Veka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.
Tre veker før premieren, er dei to konsertane med «Surnadals Hyllest til Pink Floyd», der todalingen Ingebrigt K. Bergli er ein av koristane, er allereie så godt som utselde. Det er difor allereie no sett opp ein ekstra konsert laurdag den 25. februar.
Onsdag 8. februar klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til filmen Diktatoren av Charlie Chaplin på Surnadal Kino. Elles er kinoprogrammet dominert av Spielberg, Munch og premiere på barnefilmen «Mumiar på eventyr».
Saknar du å prate med andre om bøkene du les? Da kan du no bli med i Surnadal bibliotek sin «lesesirkel». Her kan du dele leseglede og leseopplevinga med andre. Ein les same bok, men kvar for seg — og samtalar om boka på «lesesirkel»-treffet, over ein kopp kaffe eller te.
Laurdag kan Surnadal hornmusikk endeleg få feira sitt 125-årsjubileum. Jubileet var i 2021, men på grunn av koronaen vart jubileumsfeiringa den gongen utsett. Laurdag 21. januar klokka 19:00 inviterer dei, saman med vener, til jubileumskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus klokka 19:00. Frode Alnæs er kveldens konferansier.
Seniorfilmklubben held fram med sine filmframsyningar, og onsdag 18. jaunuar klokka 12:00 viser dei filmen «1917» – ein film du aldri har sett makan til!
Surnadal biblioteket på inviterer alle til litterære «pusterom» den andre onsdagen i kvar månad (med nokre unnatak for sommaren). Første gongen i år blir difor onsdag 11. januar klokka 18:00 i lesesalen på biblioteket.
Det «spruter av musikalsk energi og fortellerglede» (NRK) i Steven Spielbergs nye versjon av «West Side Story», som Seniorfilmklubben viser onsdag 11. januar klokka 12:00.
Romjula er vanlegvis ei populær tid for å ta seg ein tur på kino. Ved Surnadal kino kan dei skilte med to norgespremierar på i romjula. Det er filmane «Kampen om Narvik» og «Folk og røvere Kardemomme by». «Kampen om Narvik» er ein film som eigentleg hadde premiere i 2020, men som har vore utsett på grunn av korona og krigen i Ukraina. «Folk og røvere i Kardemomme by» er ein animasjonsfilm som bygger på Torbjørn Egner si bok med same namn.