Seniorfilmklubben held fram med sine filmframsyningar, og onsdag 18. jaunuar klokka 12:00 viser dei filmen «1917» – ein film du aldri har sett makan til!
Det er gjort liknande filmar før. Filmar som ser ut til å vere tatt opp på ei tagning og dermed utan klipp. Men ingen så briljant som «1917».
Det er «James Bond-regissøren» Sam Mendes som har laga «1917». Historia er lagt til …1917, der to soldatar blir sendt ut på eit farleg oppdrag, gjennom fiendtleg område, for å åtvare eit anna regiment om at dei er på tur til å bli lokka inn i ei felle.
«1917» var nominert til heile ti Oscar-prisar i 2020 og vann m.a. for «beste foto» og «beste visuelle effektar» – og det var vel fortent.
Elles kan Surnadal kino opplyse om at dei viser seks ulike filmar den komande veka. Siste sjanse til å få med seg «Kampen om Narvik» og «Avatar: The Way of Water». «Narvik-filmen» ser ut til å hamne på nær 600 besøkande, og det er særs bra! Elles vil skrekkfilmen «M3GAN» og det gigantiske filmeposet «BABYLON» ha premiere. «Folk og røvere i Kardemomme By» og «Gulliver er tilbake» er dei to tilboda for dei yngste.