Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorfilmklubben – Parasittar og drikkfeldige danskar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. februar 2023

Dei to neste vekene viser Surnadal kino filmar på dagtid, i tilleg til filmane i regi av Seniorfilmklubben. Det er filmane «La elva leve», som blir vist tysdag 28. februar klokka 13:00 og «The Whale», som blir vist tysdag 7. mars klokka 13:00, som er filmane som blir vist på dagtid dei to komande vekene. 


Seniorklubben viser filmen «Parasitt» 

Onsdag 1. mars klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben den første og einaste ikkje-engelskspråklege filmen som vann Oscar som beste film. Og den vann også den mest prestisjetunge festivalprisen; Gullpalmen i Cannes.

Så kvifor stakk denne sørkoreanske filmen av med dei to mest gjeve prisane i filmverda? PARASITT er ein «rar» film på den måten at den hoppar mellom ulike sjangerar og tema: varm humor, iskald thriller, familiedrama og samfunnssatire. Det er umuleg å sette filmen i bås og du har neppe sett og opplevd noko liknande før.

Ein skal ikkje røpe for mykje av handlinga, men det startar med ein familie som har det litt knapt og tyr til svindel for å få det betre.


«Et glass til» 

Onsdag 8 mars klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben den danske filmen «Et glass til» baserer seg på eit utsegn frå den kjente norske psykiatikaren Finn Skårderud om at vi er fødd med ein halv promille for lite i blodet.

Det var nok humoristisk meint, men blir følgt opp som ramme alvor i denne filmen. Og effekten ser ut til å vera oppsiktsvekkande bra. I alle fall før det blir ramme alvor.

«Et glass til» vann Oscar for beste framandspråklege film for to år sia. Hovudrolla blir spelt av Mads Mikkelsen, som også er godt kjent frå store amerikanske produksjonar.

Seniorfilmklubben er open for alle, uavhengig av alder. 

 

 

Først publisert: 26. februar 2023, 14:19 - Sist oppdatert: 28. februar 2023, 09:03