Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå Chaplin til mumiar på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Onsdag 8. februar klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til filmen Diktatoren av Charlie Chaplin på Surnadal Kino. Elles er kinoprogrammet dominert av Spielberg, Munch og premiere på barnefilmen «Mumiar på eventyr». 


«Diktatoren»

USA var ikkje komne med som direkte deltakar i 2. verdskrig da Charlie Chaplin laga filmen «Diktatoren» i 1940. Men han hadde håpa at filmen ville bidra til at dei «meldte seg på» for dei allierte. 

Likevel har han sagt i ettertid at han neppe ville ha laga denne komedia om han hadde kjent til kva som skjedde i Tyskland, mellom anna slik som konsentrasjonsleirar og andre uhyrlegheiter. 

Det ville i tilfelle vore synd, for «Diktatoren» er ei nådelaus satire over Adolf Hitler og hoffet rundt han.

Filmen handlar om diktatoren Adenoid Hynkel og den jødiske barbereren Harü. Dei er lik kvarandre på ein prikk, og slik blir det forviklingar av.


«The Fabelmans»

Chaplin er eit stort filmnamn og det er sanneleg også Steven Spielberg: The Fabelmans blir sett opp frå fredag 3. februar og det er vel ingen Spielberg-filmar som er meir Spielberg enn denne filmen. For «The Fabelmans er nemlg en utsøkt fortalt oppveksthistorie med store humortopper, dype alvorsstunder og solide skuespillerprestasjoner», skriv NRK. Og denne oppveksthistoria er nok temmeleg lik regissøren eiga. Filmen er nominert til sju oscarar i år, m.a. som «Beste film».

Billettar til «The Fablemans»


«Munch»

Munch er ein film om kunstnaren Edvard Munch. Filmen vil også bli vist i neste veke. Noko av det spesielle med filmen er at Munch blir skildra gjennom fire ulike stadium av livet sitt – og med fire ulike skuespelarar, m.a. Anne Krigsvoll som den gamle Edvard Munch.

Billettar til «Munch»


«Muumier på eventyr»

Fredag 3. februar er det premiere på barnefilmen «Mumier på eventyr . Det eksisterer faktisk ein eigen mumieby under jorda i Egypt. Samtidig, på overflata, finn ein arkelog ein ring som ein i mumiebyen eig. Så da må han opp i dagen og leite etter den, saman med lillebroren, prinsessa og ei kjælekrokodille.

Billettar til «Mimier på eventyr»

Publisert: 2. februar 2023, 14:31