Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øystein Sunde SOLO på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. mars 2023

Søndag 12. mars klokka 19:00 kjem Øystein Sunde til Storstuå på Surnadal kulturhus, der han vil «servere» ei eventyrblanding av ein konsert han har kalla Øystein Sunde SOLO!

Sunde sin  solokarriere tok til på Dolphins viseklubb i Oslo i 1966. – –– Det var en klubb full av entusiastiske nybegynnere i slutten av tenårene. – Du fikk sitte på en barkrakk og synge tre sanger, og så var det nestemann opp, seier Sunde om denne tida. Etter fire år på krakken, kom den første plata, og det tok for alvor fyr i karrieren.

I dag, femtitre år etter at han debuterte på vinyl, kan Sunde sjå attende på ei innheldsrik historie full av plateutgjevingar, showsuksessar, TV-produksjonar og samarbeid med dei beste i norsk showbiz, som Ingrid Bjørnov, Gitarkameratene, Finn Kalvik, Dizzie Tunes & Grethe Kausland, Hege Schøyen og Vazelina Bilopphøggers – for å nemne nokre av dei.

Denne gangen er det litt «Rykk tilbake til START» med historier frå eit langt liv på scena og i studio. Med seg har han sjølvsagt sitt heilt spesielle ti-fingrars gitar-«komp», seks-sju gitarar å snakke med og ee saleg blanding av gamle og kliss nye songar, samt siste nytt frå Soga om Harald Jordfreser.

Øystein Sunde ønser velkommen til ein annleis konsert!

Kjøp billett til Øystein Sunde SOLO på Surnadal kulturhus

Først publisert: 3. mars 2023, 12:50 - Sist oppdatert: 4. mars 2023, 16:22