Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

20-årsjubilant feira med verdigheit

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2022

Det vart ein fin jubileumskonsert for kulturhuset, da 2o-årjubileet vart feira med ein flott konsert i Storstua laurdag kveld.  Spesielt vart vi imponert over Batteri som ikkje har spela saman på 5 år, men som fann att tråden både med publikum og kvarandre. Dei beviste enno ein gong at dei er dyktig og kreative musikarar som verkeleg har noko å by fram til publikum og beviste at dei ikkje har gløymt gamle takter. Det har heller ikkje publikum som ga dei ordentleg applaus.

Tove merete Schei og Tove Sundli har fått konkurranse med rindalstrolla – men vi kjente dei også att som «Hektisk etat» og i nyare roller. Foto Jon Olav Ørsal

Elles fikk vi sjå og høyre at det har vakse opp mange dyktige scenekunstnarar ved kulturhuset på desse 20 åra. Vi starta kvelden med duoen Johanne Holten og Ida Moe som song om jula i Dønnem bedehus som Gøran Bolme har skrive.  Vidare fortsette Gøran sjølv med juletreet på dasstaket – ei fornøyeleg vise som appellerte til publikum. Etterpå var det turen til Tordenskjold songlag som nærast er for «hus-kor» å rekne i kulturhuset. For høvet hadde dei gjestedirigent i Bernt Bøe – dei song først Nordmørsminne og etterpå Nordnorsk julesalme. 

Tove Merete Schei og Tove Sundli hadde fleire artige innslag – både som Hektisk etat og som Rindalstroll appellerer dei til det komiske i kvardagen på ein fin og artig måte. Lokalt band som er fostra på kulturhuset er bandet Design framførte eit par nummer – det gjorde også Karstein Mauset som song «kvalross på land» – tekst etter Jørgen Gravvold.  Vidare forsette det med Anders Larsen og Hedda Hansen Berg, som fikk skikkeleg applaus for sine to nummer Lovesong og Chardas.

Svein Sæter var konferansier og Lilli Husby var kveldens vert i eigenskap av kultursjef. Foto Jon Olav Ørsal

Stig Sæter var første styreleiar i kulturhuset, og han mimra saman med Svein Sæter om den første tida ved kulturhuset – Stig meinte at innviinga av kulturhuset var eit kvantesprang for Surnadal. -Vi har sett på scena her i kveld at dette har betydd mykje for Surnadal.Kulturhuset er ei regional satsing på kulturen, og eit synleg bevis på at det har fungert fekk vi via innslag med rindalsartisten Jo Sverre og Halsaartisten Øivind Weiseth. Weiseth var berre 11 år første gongen han sto på scena i kulturhuset.  Jo Sverre fekk forresten ei fellesnummer med Batteri da dei tok Jo Sverres «Ka om» heilt på tampen.

2 stive timer med lokal kultur gjorde oss godt og var til stor nytelse for publikum denne kvelden – Det hadde vore utenkjeleg utan kulturhus!

Øivind Weiseth hadde med seg Bendik Brevik på scena. Foto Jon Olav Ørsal

Jo Sverre – rindaling som bydde på lokal julemusikk Foto Jon Olav Ørsal

Jo Sverre fikk også eit fellesnummer med Batteri – «Ka om» Foto Jon Olav Ørsal

Heilt til slutt heile gjengen på scena samtidig Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 4. desember 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 3. desember 2022, 23:29