Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bob Dylan – 60 år på 60 minutt

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. november 2022

Onsdag 9. november klokka 19:00, inviterer Litteraturhuset i Møre og Romsdal og Surnadal bibliotek til møte med den lidenskaplege Bob Dylan «nerden» Espen Aas, i kinosalen på Surnadal kulturhus. 

Espen Aas er for dei fleste, mest kjent som programleiar i Dagsnytt 18 og Dagsrevyen – og, før det, som NRK sin engasjerte korrespondent i London.

Det som så mange ikkje veit, er at han også er meir enn engasjert i musikaren Bob Dylan – som også vart tildelt Nobels litteraturpris for seks år sia, for sine tekster. Aas har vore på fleire enn tretti konsertar med Dylan og skal ha smått utrulege åttitusen ulike versjonar av Dylan sine låter heime.

Noko av denne «grensesprengande» kunnskapen om Bob Dylan vil han dele med oss denne kvelden, gjennom historier, anekdotar, musikk og videosnuttar.

Det er fri inngang og ingen reservasjonar på førehand.

Publisert: 2. november 2022, 07:00