Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bettan og Knut Marius til Vårsøghelga 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. november 2022

Vårsøghelga 2023 blir arrangert i Surnadal frå 25. til 28. mai Allereie no begynner programmet å fyllast på, og Vårsøghelga er stolte av å kunne presentere Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik som to av artistane under Kleivakvelden 27. mai klokka 18:00.

Heile Noregs Bettan og Knut Marius er blant våre aller fremste, og av dei mest folkekjære artistane vi har i Noreg. Vårsøghelga er stolte av å vere så heldige å få dei til å opptre saman på scena på Kleiva i mai.

Med Henning Sommero, frå Surnadal, Bettan med foreldre frå Sykkylven og Knut Marius frå Tomrefjord, får vi høyre tre unike stemmer frå vårt heimfylke, under Kleivakvelden 27. mai klokka 18:00.

Billettar – Vårsøghelga 2023

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. november 2022, 11:28