Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

45 år i seniorfilmklubben

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. november 2022

Onsdag 9. november klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til ein typisk «skuespelar-film» på Surnadal kino. 45 ÅR er «en aldeles nydelig film om gammel kjærlighet» (NRK) og handlar om eit ektepar som skal feire 45-års-bryllaupsdag sin. Men førebuingane blir skipla når han får eit overraskande brev.

Det briljante samspelet mellom veteranane Tom Courtenay og Charlotte Rampling gjer 45 ÅR meir intens dess lågare lydnivået er. Dei to vann da også fortent prisen for beste mannlege og kvinnelege skuespelarprestasjon under filmfestivalen i Berlin i 2015.

Seniorfilmklubben er ein klubb som er open for absolutt alle som har passert ungdomsskulealder. Namnet ber nok litt preg av at dette er eit samarbeid mellom kulturhuset, pensjonistlaget, senioruniversitetet og «Den kulturelle spaserstokken». Men det er ein ordinær filmklubb, organisert gjennom filmklubbforbundet – så alle er meir enn velkomne til å bli medlem!

Først publisert: 7. november 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 6. november 2022, 19:54