Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kampen om Dovrefjell»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. november 2022

Tidlegare redaktør i Driva, og no forfattar, Svein Sæter, er saman med dottera, Yngvild Sæter, klar med ny bok. Surnadal bibliotek inviterer difor til lansering med Svein Sæter tysdag 8. november klokka 19:00 på Surnadal kulturhus.

«Kampen om Dovrefjell» handlar om unike naturverdiar, og kva som truar desse verdiane.

Folk over heile landet har eit forhold til Dovrefjell. Her finst Europas siste opprinnelege villrein og spor etter dei første menneska i Norge, og hit kjem folk frå mange land for å fotografere moskus. No er villreinen ført opp på raudlista for truga dyreartar, for første gong. Kva for andre fjellskattar er i fare?

På lanseringa tek Svein oss med på ei eineståande vandring gjennom tid og rom i denne store fjellheimen. Boka «Kampen om Dovrefjell» blir også å få kjøpt under lanseringa denne kvelden.

Publisert: 3. november 2022, 13:32