Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Seniorfilmklubben» avsluttar haustsesongen med kinomagi

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben denne hausten, og blir vist på Surnadal kinoonsdag 14. desember klokka 12:00. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne filmen avsluttar haustsesongen, for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988. 

Filmen handlar om vennskapet mellom åtte år gamle Toto og den langt eldre kinomaskinisten Alfredo – og landsbyen dei bur i på Sicilia. Alfredo inviterer Toto, som lærling, inn i det magiske kinomørkeret – eit velkome avbrekk frå ein elles utfordrande kvardag. 

Har du ikkje sett denne filmen før? Da bør du vurdere å sjå den og fåoppleve «Cinema Paradiso» der den skal opplevast, nemleg på kino! 

Publisert: 11. desember 2022, 19:16