Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Las Vegas» til Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. mars 2023

Alexx Alexxander inviterer til ei magisk showoppleving som det smakar «Las Vegas» av. Søndag 26. mars klokka 18:00 kjem nemleg Alexx Alexxander til Surnadal kulturhus med showet sitt.

Alexx Alexxander er den einaste nordmannen, som nokon gong har vunne magiens mest prestisjefylte pris «The Merlin Award». Og det attpåtil to gonger! «The Merlin Award» er magiens svar på Oscarprisane i filmbransjen. For å komplettere: Han vart også peika ut som ”Illusionist Of The Year Europe” i 2019.

Alexx Alexxander tek publikum med på ein heilaften fylt med humor, spektakulære illusjonar og showmanship i verdsklasse – som passar eit publikum i alle aldrar; inkludert den eine som blir henta opp for å sveve i lause lufta!

Kjøp billetter til «The Magic of Alexx Alexxander»

Publisert: 18. mars 2023, 09:16