Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå bittelite til kjempestort på Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. mars 2023

Onsdag 15. mars klokka 17:30 inviterer Surnadal bibliotek, som er medlem av Litteraturhus i Møre og Romsdal, spesielt barn i alderen fire til åtte år, til eit møte med det mest fantastiske frå dyreverda i kionosalen på Surnadal kulturhus.

For naturen er full av fantastiske dyr som er ekspertar på dei raraste ting. I den gjennomillustrerte faktaboka Dyrenes rekordbok møter du verdsmeistrar i alle slags kategoriar.

Du får vite kven som hoppar høgast, spring fortast, er tyngst, størst og minst. Og så får du vite mykje anna rart om korleis dyr søv, tissar, sveittar og ropar!

Søstrene Katharina og Linnea Vestre har arbeidd saman for å samle og presentere alle desse fantastiske rekordane om dei mange ulike dyra som finst på jorda vår.

Gratis inngang.

Surnadal bibliotek ønsker alle velkommen!

Publisert: 8. mars 2023, 19:06