Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 901 artiklar i dette arkivet.


Triveleg eldretreff i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. oktober 2015

Elevar ved helse- og oppvekst-lina ved Surnadal vidaregånde skule inviterte måndag pensjonistar til formiddagskaffe i Todalen sanitetshus. Om lag 20 todalingar møtte opp, og dei fekk ei riktig så triveleg stund i lag med dei unge. Elevane organiserte først bingo, og bingospelararne viste stort engasjement. Populære premiar var boksar med sjølvbaka kaker, og det var […]


«Kva tenker Putin – og kvifor?»

Dordi Jorunn Halle Onsdag 14. oktober 2015

Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterte onsdag 14. oktober til møte på Surnadal kulturhus med kåseri av Per Egil Hegge. Han er no 75 år og pensjonist etter 43 år i Aftenposten, der han har vore journalist, utanlandskorrespondent og redaktør, altså ein erfaren pressemann og også aktiv samfunnsdebattant. Tittelen for kåseriet onsdag var: «Kva tenker Putin – […]


Vellukka og triveleg konfirmantfest

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. oktober 2015

Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest i Ungdomshuset. Sokneprest Bernt Venås ønskte alle velkomne til ein enkel, stille og roleg fest der sosialt samver var det viktigaste. Og det vart ein riktig så fin kveld med god og triveleg prat, nydeleg gryterett og gode kaker. Søndag 27. juni 1965 var det heile tolv konfirmantar i […]


I dag: Ungdomen vår, ikkje bra nok?

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. september 2015

Norske Kvinners Sanitetsforening har kvart år ei temaveke, og i år er temaet «Kamp mot skjønnhetstyranniet».  Dette er eit viktig tema meiner  sanitetskvinnene Cathrine Gujord og Elinor Bolme, og i Halsa og Surnadal vil dei spesielt ha fokus mot dei unge. For å få informasjon og debatt om emnet har sanitesforeningane i Halsa og Surnadal […]


Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 15. september 2015

Denne veka har dei fokus på brannvern både i barnehagen og på skulen. I dag hadde dei besøk av Ivar Bolme frå det lokale brannvesenet. Han stilte med brannbil og utstyr – det var spennande! Elevane var engasjerte, og dei stilte mange gode spørsmål. Det var også viktig å få høyre korleis sirena let.   […]


Formiddagskaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. september 2015

Elevar ved helse- og oppvekstlina ved Surnadal vidaregåande skule inviterte måndag til kaffelag for pensjonistane i bygda i Sanitetshuset. Dei seksten elevane hadde baka nydelege eplekaker, dekt bord og ordna med sjølvbaka bingopremiar.  Arrangementet var i samarbeid med Todalen sanitetsforening, – Kari og Lovise stilte som kaffekokarar. Elevane går første året på helse- og oppvekstlina, […]


Jenter treng også skule!

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. september 2015

Måndag vart «Skoleløpet 2015»  arrangert ved Todalen skule. Alle elevar og vaksne var med. Målet var å samle inn pengar til skulegong for jenter i Nepal. Inntekta frå «Skoleløpet» blir sende til Forut som mellom anna støttar drifta av «Balika Peace Home» ikkje så langt frå Katmandu – her får jenter både ein trygg stad […]


Valet er i gang

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. september 2015

Da er den store valdagen komen, og ved skulen var  det stor aktivitet alt frå stemmelokala opna klokka 12.00. I alt er det fem ulike val – da gjeld å halde tunga beint i munnen. PT-val: Utanfor porten er det tøffaste vallokalet – «Vømmelbua» til Lars Kvendset. Her er det val til nytt PT-utval for […]


Kyrkjeval

Dordi Jorunn Halle Laurdag 12. september 2015

Måndag 14.september er det val, ikkje berre til kommunestyre og fylkesting, men også til dei kyrkjelege organa sokneråd og bispedømmeråd. Her i Todalen vil Kyrkjevalet 2015 bli i Todalen skule i tidsrommet 12.00- 20.00. Når det gjeld val til nytt sokneråd for Todalen, er det berre ei liste. Denne lista er oppsett av ein nominasjonskomite […]


Dagens StikkUt-mål: Strengen.

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. september 2015

Strengen er eit av dei tolv Stikk UT-måla i Surnadal kommune. Sjølv om Strengen er berre 890 meter over havet, så er det ein fantastisk flott og variert utsikt frå toppen. Her ser ein ut mot havet, flystripa på Kvernberget, fjordar, dalar, bygder, vatn, Kvennaferjå og ikkje minst fjell i alle retningar. Det er mange […]


Målrik kamp på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. september 2015

Onsdag kveld var det fotballkamp i klassen gutar ti år på Bordholmen, Søya/Todalen møtte Surnadal 4.   Det vart ein artig og spennade kamp med riktig god innsats og mange store målsjansar! Mange mål vart det og, kampen enda uavgjort 8 – 8, eit perfekt resultat! Både spelarane og trenarane var godt godt fornøgde etter […]


HAMOS – 20 år

Dordi Jorunn Halle Torsdag 27. august 2015

Torsdag var det utdeling av gåver og  servering av  kaker, kaffe  og saft på miljøstasjonen i Surnadal. Avfallsselskapet HAMOS feirar 20-årsjubileum og arrangerer bursdagsfeiring i alle dei 11 kommunane som er tilknytta bedrifta. Selskapet vart stifta 6.november i 1995 av dei fem kommunane Hemne, Agdenes, Meldal, Orkdal og Snillfjord. Rindal kommune vart med i selskapet […]