Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Ungdomen vår, ikkje bra nok?

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. september 2015

Norske Kvinners Sanitetsforening har kvart år ei temaveke, og i år er temaet «Kamp mot skjønnhetstyranniet».  Dette er eit viktig tema meiner  sanitetskvinnene Cathrine Gujord og Elinor Bolme, og i Halsa og Surnadal vil dei spesielt ha fokus mot dei unge. For å få informasjon og debatt om emnet har sanitesforeningane i Halsa og Surnadal leigd inn  forfattaren, journalisten og bloggaren Marta Breen. Ho har skrive fleire bøker, og ho er no freelancejournalist i NRK, Dagbladet og Kvinner og Klær. Ho har også eigen blogg, og ho stiller feministspørsmål som ingen andre tør å stille. Måndag 21.september kjem ho til Surnadal for å belyse dette emnet under tittelen :»Våre ungdommer, ikke bra nok? – kamp mot skjønnhetstyranniet.»

IMG_6537

Inspektør ved Surandal ungdomsskule, Inger Anne Sunde, er glad for samarbeidet med saniteteskvinnenene. Frå venstre: Cathrine Gujord, Inger Anne Sunde og Elinor Bolme.

Ungdomsskuleelevane både i Halsa og Surnadal får møte Marta Breen og høyre kva ho har å seie. Det blir i Storstua i Surnadal kulturhus i skuletida. Da vil det også bli kulturelle innslag frå elevar ved Kulturskulen med utgangspunkt i temaet. Inspektør ved Surnadal ungdomskule, Inger Anne Sunde, er  glad for og positiv til initiativet frå dei lokale sanitetsforeningane. «Dette er eit tema det er viktig å ta opp med dei unge, både med gutar og jenter,» seier ho. «Det er stort press på dei unge. Dei skal ha perfekt utsjånad, vere skuleflinke, helst vere flinke i sport og andre aktivitetar! Det er ikkje lett.» Vidare meiner ho at det er viktig at andre enn dei tilsette ved skulen, set fokus på dette temaet for dei unge.

Om kvelden måndag 21.september blir det ope møte i kantina ved Surnadal ungdomsskule. Det skjer i tidsrommet 19.00 – 21.00. Da er alle – foreldre, besteforeldre, helsepersonell, trenarar og andre interesserte, velkomne! Både Elinor og Cathrine har høyrt innlegg ved Marta Breen, og dei går gode for at ho er vel verd å høyre på, både engasjerande og dyktig! Det blir enkel servering. Sanitetskvinnene håpar på stort oppmøte denne kvelden!

NKS sentralt presenterer  i desse dagar ein film om temaet «umerka reklame med retusjerte bilete og unaturlege kroppar» – dette er i samarbeid Dora Thorallsdottir.

IMG_6538

Det er kjekt med samarbeid meiner leiar i Halsa sanitetsforening Cathrine Gujord og Elinor Bolme frå Todalen sanitetsforening. Foto: D.J.H

Arrangementa i Surnadal er eit samarbeid mellom sanitetsforeningane i Halsa, Valsøyfjord, Todalen, Øvre Surnadal og Torvik. Dei er glade for støtte frå Halsa kommune, Surnadal kommune, Svorka og Surnadal sparebank.

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert: 21. september 2015, 08:00