Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

HAMOS – 20 år

Dordi Jorunn Halle Torsdag 27. august 2015

Torsdag var det utdeling av gåver og  servering av  kaker, kaffe  og saft på miljøstasjonen i Surnadal. Avfallsselskapet HAMOS feirar 20-årsjubileum og arrangerer bursdagsfeiring i alle dei 11 kommunane som er tilknytta bedrifta. Selskapet vart stifta 6.november i 1995 av dei fem kommunane Hemne, Agdenes, Meldal, Orkdal og Snillfjord. Rindal kommune vart med i selskapet i 1999, og Surnadal kommune har vore brukar av Hamos frå 2011.

IMG_6194

Ordføraren gratulerte med jubileet. Torbjørn Evjen og Ann Jorunn Gangnes arbeider ved hovedkontoret for Hamos på Orkanger og Stein Egil Aakvik er formann ved miljøstasjonen i Surnadal. Frå venstre: Aakvik, Evjen, Nyheim og Kjøren. Foto: D.J.H.

Ordførar Lilly Gunn Nyheim møtte opp for å gratulere med jubileet. Ho uttrykte at ho er svært godt fornøgd med tenestene til HAMOS. Ikkje minst synest ho det er bra at det ikkje har vore gebyrauke i dei åra Surnadal har vore med i Hamos.

IMG_6188

Vi fekk god hjelp av Vegard Holten til sorteiring og handtering av avfallet vi leverte. Foto: D.J.H

IMG_6204

Rundkjøring og god plass ved miljøstasjonen i Surnadal. Foto: D.J.H.

Driftsleiar i Hamos, Torbjørn Evjen, seier at miljøstasjonen i Surnadal er eit av dei beste anlegga dei har. Det er god plass og svært brukarvenleg. Her er det rundkjøring slik at dei som kjem med søppel, slepp å rygge. I tillegg får ein hjelp av blide karar til å sortere og løfte søppelet som blir levert. Levering av avfall er gratis. Men han oppfordrar folk til å nytte heimekompostering, det gir 15 % avslag renovasjonsavgifta. Berre om lag 10 % av husstandane har kompostering, det er for lite. Det er viktig å få ned mengda på søppel, og kompostjord er godt for blomsterbeda. Ein stor del av søppelet som blir henta av søppelbilen, er nemleg matavfall.

IMG_6214

Inne i sorterings- og omlastingshallen. Frå venstre Stein Inge Aakvik og Arne Fiske. Foto: D.J.H.

Dei tilsette ved avfalsanlegget i Surnadal er glade for sorterings- og omlastningshallen. Her inne blir søppelbilane tømde og søppelet sortert, og for dei tilsette er det svært kjekt å arbeide under tak. Det blir mindre mat for kråkene,og.

OMBRUKSBUA – gi og ta

IMG_6205

Inne i ombruksbua. Tone Sandem er brukar og kjempefornøgd med dette tiltaket! Frå venstre: Stein Egil Aakvik og Tone Sandem. Foto: D.J.H.

Siste nytt ved Miljøsatsjonen i Surnadal er ombruksbua. som fungerer slik: «Har du noko du ikkje treng lenger og som du tenkjer andre kan ha nytte av? Gi det bort ved å setje det i ombruksbua. Finn du noko du har bruk for? Ver så god,  du ta kan det med deg heim – heilt gratis!»  Dette er eit populært tiltak fortel formann ved anlegget i Surnadal, Stein Egil Aakvik.  Men klede og skor skal framleis gå til Fretex.

IMG_6208

Karane prøvesit ein sofa i ombruksbua. Frå venstre Kåre Andersen, Hans Gundersen og Stein Egil Aakvik. Foto: D.J.H.

Jubileumsfeiringa var triveleg, og erfaringa etter mange turar for å levere avfall på miljøstasjonen i Surnadal, er at dette er eit utruleg godt tilbod for innbyggjarane i kommunen.

IMG_6193

Leif Olav Bævra og Vegard Holten synest dei har ein kjekk og triveleg arbeidsplass. Sørvisinnstilte karar. Her i samtale med ein kunde. Frå venstre: Leif Olav Bævre, Vegard Holten og Hans Gundersen

 

 

Først publisert: 27. august 2015, 23:33 - Sist oppdatert: 28. august 2015, 00:19