Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkjeval

Dordi Jorunn Halle Laurdag 12. september 2015

Måndag 14.september er det val, ikkje berre til kommunestyre og fylkesting, men også til dei kyrkjelege organa sokneråd og bispedømmeråd. Her i Todalen vil Kyrkjevalet 2015 bli i Todalen skule i tidsrommet 12.00- 20.00.

Når det gjeld val til nytt sokneråd for Todalen, er det berre ei liste. Denne lista er oppsett av ein nominasjonskomite oppnemnt av noverande sokneråd. Her er kandidatane:

Britt Mossing

Anders Todalshaug

Kristen Bruset

Ingrunn Janne Torvik

Anders Gjeldnes

Sidsel Kalseth Heimlund

Ola Kvendset

Anders Halset

Jon Bjarne Husby

Berit Pauline Kårvatn

Det skal veljast fire medlemer og fem varamedlemer, og valet gjeld for fire år.

Når det gjeld val til bispedømmerådet, er det for første gong to lister, ei frå nominasjonskomiteen til Den norske kyrkja i Møre bispedømme og ei frå Åpen Folkekirke. Dette er og eit viktig val:  «Bispedømmerådet er det regionale styringsorganet i kyrkja. Rådet tilset prestar og har arbeidsgjevaransvar for nokre av dei andre tilsette i kyrkja. Medlemmane i bispedømmerådet utgjer samla Kyrkjemøtet som er det øvste representative organet i Den norske kyrkja.»

På nettstaden kirken.no finn ein båe dei to kandidatlistene og orientering om kyrkjevalet. Likeeins kan ein få opplysningar om kyrkjevalet på nettstaden til Åpen folkekirek: apenfolkekirke.org

Alle som er medlemmar i Den norske kyrkja har stemmerett frå det året dei fyller 15 år. Det er ikkje love å stryke kandidatar i år, men ein kan gi inntil tre kandidatar tilleggsstemme ved å sette kryss i ruta til venstre for namnet. Kandidaten får da to stemmer.  Ein kan ta med inntil tre namn frå andre vallister.

Viss ein ikkje har høve til å stemme i Todalen skule måndag 14.09.15, kan ein  stemme på Surnadal kulturhus søndag 13.09. frå kl. 14.00 til 19.00.

 

 

 

 

 

Først publisert: 12. september 2015, 21:00 - Sist oppdatert: 13. september 2015, 12:48