Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 15. september 2015

Denne veka har dei fokus på brannvern både i barnehagen og på skulen. I dag hadde dei besøk av Ivar Bolme frå det lokale brannvesenet. Han stilte med brannbil og utstyr – det var spennande! Elevane var engasjerte, og dei stilte mange gode spørsmål. Det var også viktig å få høyre korleis sirena let.

12022986_10156000407460524_1840615445_n

Ivar Bolme svarar på spørsmål og fortel om utstyret i brannbilen. Foto: Anja D. Sæther

 

12007324_10156000407380524_2046560986_n

Interessert gjeng! Foto: Anja D. Sæther

Målet med brannvernveka er å førebygge brann, men også lære om korleis ein skal opptre om det skulle bli brann. Så i morgon er det brannøving for å drille inn rutinar ved eventuell brannalarm.

Dei tilsette ved oppvekstsenteret er glade for det gode samarbeidet med det lokale brannvesenet – dei stiller opp trufast kvart år!

12007319_10156000407395524_1685748109_n

Det er bra å lære om brannvern. Foto: Anja D. Sæther

 

 

Publisert: 15. september 2015, 22:35