Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.


Stavgangtur i nydeleg ver

Dordi Jorunn Halle Fredag 3. juli 2015

Torsdag 2.juli hadde stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag siste turen sin før sommarferien. Stavgangarane møttest på Kårvatn og vandra inn til Myrvang der dei hadde hovedkvarter. Mange slo seg ned på det idylliske tunet på Myrvang i finveret, men dei fleste tok turen inn til Nauståfossen – han var mektig i varmen!   Da alle var […]


Fin og triveleg kveld i arboretet

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. juli 2015

I juli er det langope fram til klokka åtte i arboretet på onsdag. Heldigvis vart det godver første kvelden, og det var godt å sitje ute og nyte gode kaker og god drikke! Litt sol, fargerike og fine blomstrar og god duft, ein nydeleg kveld! Kveldens vertskap var Ida Andrine  og Toril. Dei serverte svele […]


Vellukka tiltak – ingen melde valdtekter blant RUSS-15 i Møre og Romsdal!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 9. juni 2015

Våren 2015  har Senter mot incest og seksuelle overgrep for Møre og Romsdal (SMISO) i samarbeid med lokallaga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i Møre og Romsdal gjennomført eit forebyggande og haldningsskapande prosjekt retta mot RUSS 2015 i heile fylket. Prosjektet har gjennom undervisning, apellar, synleggjering i sosiale media, utdeling av informasjonsmateriell og boxershortsar til […]


Melhus hagelag med vårtur til Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. juni 2015

Vårturen til Melhus hagelag gjekk i år til Todalen. Viktigaste post på programmet var besøk i arboretet i Svinvika, men dei tok og turen rundt om i Todalen. Leiar i Melhus hagelag er Ingjerd Melhuus, ho voks opp i Steinarstua i Todalen. Ho kunne fortelje at Melhus hagelag har god aktiviet og om lag 60 […]


Fin trimtur innover Røskattvegen

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juni 2015

Torsdag kveld arangerte trimgruppa tur med både lokalhistorie, trim og triveleg sosialt samver. Veret var ikkje det beste, men tretten deltakarar vart med på ein interessant tur!


Siste Eldremiddagen i Sanitetshuset, ein epoke er over

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. juni 2015

Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle


Blide fotballjenter pyntar opp til sesongstart

Dordi Jorunn Halle Tysdag 26. mai 2015

Åtte blide fotballjenter stilte tysdag kveld opp til dugnad på Todalshytta. Der var det uteområdet som skulle ryddast og ordnast før storinnrykk til helga. Det var raking av plen, luking av bed, uttrilling av bork og plenslåing. Heldigvis hadde jentene god hjelp av dyktige foreldre.