Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blide fotballjenter pyntar opp til sesongstart

Dordi Jorunn Halle Tysdag 26. mai 2015

Åtte blide fotballjenter stilte tysdag kveld opp til dugnad på Todalshytta. Der var det uteområdet som skulle ryddast og ordnast før storinnrykk til helga. Det var raking av plen, luking av bed, uttrilling av bork og plenslåing. Heldigvis hadde jentene god hjelp av dyktige foreldre.

IMG_5343

Dugnadsgjengen opå det nye langbordet.Fremst frå venstre: Kari Hausberg, Ane Nordvik, Elisa Melkild, Marit Ingeborg Ansnes. Bak frå venstre: Julie Bergstad,Elise Brøske, Andrea Naustbakk, Marte Nes

Jentene spelar på J14-laget til Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen, og dei skal delta på Norway Cup for første gong denne sommaren. Da trengst det pengar i reisekassa til fotballgruppa. På laget er det åtte jenter som høyrer heime i Søya og Todalen, medan dei andre åtte jentene er frå Kvass – Ulvungen. Denne kvelden var det spelarane frå denne sida av fjorden som stilte opp til dugnad. Etter arbeidsøkta vart det servert pizza og kaffe.

Vi ønsker jentene lykke til med fotballsesongen og ikkje minst god tur til Norway Cup, og vi skal nok følgje med korleis det går med dei på Ekebergsletta.

IMG_5327

Godt humør på dugnadsgjengen. Foto: D.J.H.

 

Publisert: 26. mai 2015, 22:47