Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin trimtur innover Røskattvegen

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juni 2015

Torsdag kveld arangerte trimgruppa tur med både lokalhistorie, trim og triveleg sosialt samver. Veret var ikkje det beste, men tretten deltakarar vart med på ein interessant tur!

Turen starta veg Heggøyan, Mjølkeplassen. Første stopp var ved Romåbrua, deretter gjekk turen innover Røskattvegen. Denne skogsvegen vart bygd først på 1960-talet, og det var ein kommentar frå Erling Talgø som gav vegen namn. Han uttala at det var så lite skog i dette terrenget, at hallingane bygde vegen for å sette opp røyskattfeller i Tomasura!

Kvitla er ei lita sideelv til Romåa, ho renn gjennom Sagøyann, der er det naturleg å tru at hallingane hadde sag i eldre tider. Halle sag er registrert  i skattemanntalet frå 1647. Vi gjekk ned til Toåa, ho var mektig denne kvelden. Ovanfor Storfossen fekk vi sjå restar etter brufeste.

IMG_5433

Jon Bruset viser oss gammalt brufeste ovanfor Storfossen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Deretter gjekk vi gjennom granfelt med gran planta på 1950-talet, store tre, men usikkert kor god kvaliteten er på desse planta trea. Vi heldt fram over Seterhjellen, Johjellen og Høgbakkan. Namnet Seterhjellen kan indikere at det kanskje har vore ei «vårseter» her ein gong? Gamle namn fortel ofte om bruken av plassen.

Neste stopp var oppe i Romåa, der såg vi restane etter eit gammalt brukar og brufeste. Der er elva på det smalaste, men med ulendt terreng på både sider av elva. Ein merkeleg plaas for ei bru, men ho var nok flaumsikker. Olav Halle som var fødd i 1913, kunne ikkje hugse denne brua.

IMG_5466

Restar etter gammalt brukar i Romåa. Foto: Dordi Jorunn Halle

Men det var ikkje nok med bru berre over Romåa. I same traseen finst det og restar etter brukar over Kvitla. Det var lagt ned stort arbeid for å kunne ta i bruk utmarka, skogen og seterdalane!

Det er kjekt å kunne kombinere trim med å sjå nye plassar, få kjennskap både til lokal geografi og historie! Tusen takk til trimgrupa og guide Trygve Halle.

Det blir kanskje ny tur neste veke.

IMG_5425

Utsikt frå Røskattvegen mot Gammelfabrikken. Foto: Dordi Jorunn Halle.

IMG_5437

På tur innover Røskattvegen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

IMG_5448

Under denne store steinen var det fint å ha matpause ved skogsarbeid fortel guide Trygve Halle. Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_5459

Åshild passerer Kvitla, restar etter gamle brukar her og. Foto: Dordi Joruun Halle.

 

 

Publisert: 5. juni 2015, 14:00