Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte i NKS Møre og Romsdal – Elinor Bolme held fram som leiar

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. april 2016

Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over 60 engasjerte sanitetskvinner frå vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.


Sesongstart på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. april 2016

Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen. Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.


Talgø blir Stikk UT!-bedrift i 2016 – først ute!

Dordi Jorunn Halle Fredag 15. april 2016

No er det snart tid for ny Stikk UT!-sesong i regi av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Dette opplegget har vorte ein stor suksess dei siste åra, i 2015 vart det registrert heile 180 000 turar fordelt på 10 000 ulike turgåarar!



No livnar det i lundar …..

Dordi Jorunn Halle Onsdag 30. mars 2016

Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.


Sanitetsforeninga med «loppeparty».

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis».


Ærverdige æresmedlemer

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

Hundreårsjubilanten Todalen sanitetsforening har fire æresmedlemer, nemleg Anne Moe, Olina Halle, Marit Kalseth og Lisbet Halle. Dette er fire flotte representantar for norske sanitetskvinner.


Konfirmantane er klare for ny fasteaksjon

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. mars 2016

Tema for fasteaksjonen i år er «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Innsatsen dei gjer er med på å redde liv. Saman med medlemmer frå soknerådet startar dei innsamlingsaksjonen tysdag kl.17.00.


Interessant og triveleg fimkveld

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mars 2016

Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging. Gudmund […]


Skileik og skimerkerenn på Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. februar 2016

Søndag 21. februar var det riktig fine forhold oppå Tjønnmyrå, og idrettslaget nytta det gode skiføret til å arrangere både «Barn i løypa» og skimerkerenn.


Ildri klokkar takkar av

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. februar 2016

Ildri Sjøland Øyen har vore klokkar i Todalen kyrkje i heile tolv år. Ho har vore ein trufast, dyktig og fargerik klokkar som kyrkjelyden i Todalen har sett stor pris på! Ildri seier at ho synest klokkarjobben har vore både givande, interessant og kjekk, men i dag var det altså siste ordinære arbeidsdagen. Det blir […]


Godt med god mat!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 9. februar 2016

Tysdag serverte Todalen bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter, – noko som dei har gjort i mange år. Bondelagslunsjen er slik blitt ein god og triveleg tradisjon. Vanlegvis skjer dette 6. februar. Da kjem sola att til oppvekstsenteret etter tre månader bak fjella, og så er det også samefolkets nasjonaldag – altså mange grunnar til å ha ein festdag. […]