Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ildri klokkar takkar av

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. februar 2016

Ildri Sjøland Øyen har vore klokkar i Todalen kyrkje i heile tolv år. Ho har vore ein trufast, dyktig og fargerik klokkar som kyrkjelyden i Todalen har sett stor pris på! Ildri seier at ho synest klokkarjobben har vore både givande, interessant og kjekk, men i dag var det altså siste ordinære arbeidsdagen. Det blir ikkje tilsett ny klokkar, klokkartenesta blir fristilt og skal gå på omgang. Det er vanleg i fleire kyrkjelydar no, og er eitt av fleire sparetiltak. Ildri skal få skikkeleg takk og påskjøning for vel utført arbeid seinare, og det er ikkje usannsynleg at ho blir ein av dei friviljuge som av og til stiller opp som klokkar.

IMG_7757

Anders Gjeldnes frå soknerådet delte ut 6-årsboka til Jens Sancho. Foto: Dordi J.H.

FAMLIEGUDSTENESTE

Teksta for dagens gudsteneste, første søndag i fastetida, var Lukas 18, 31 – 34:  «Sjå, vi går opp til Jerusalem.»  Og presten kunne fortelje at Jesus og læresveinane faktisk måtte gå opp til Jerusalem. Ferda starta i Jordandalen som ligg tre – fire hundre meter under havet og enda i Jerusalem som ligg på høgdedrag mellom 500 og 800 meter over havet, altså vart det ei stigning på om lag 900 meter. Korset som symbol for håp var sentralt i dagens preike.

Under gudstenesta var det utdeling av 6-årsbok. I kyrkjelyden i Todalen er det i år tre 6-åringar: Jens Sancho, Martine og Trygve Aleksander, men på grunn av kort varsel og sjukdom var det berre Jens Sancho som hadde anledning til å ta imot boka si sjølv.

IMG_7761

Her er Jens Sancho og soknepresten Bernt Venås. Foto: Dordi J.H.

ÅRSMØTE

Etter gudstenesta var det årsmøte. Presten forklarte at det ikkje skal gjerast vedtak på årsmøtet i kyrkjelyden, det er meir eit orienteringsmøte.

Årsmeldinga fortel at det i 2015 var 17 gudstenester med til saman 828 deltakarar, altså ein snitt på 48. Liturgien som har vore i bruk nokre år no, skal vurderast og kanskje forbetrast. Det kan bli aktuelt å innføre den nyaste versjonen av  «Fader vår» som startar slik: «Vår Far i himmelen!»

IMG_7765

Mellom gudstenesta og årsmøtet var det kyrkjekaffe med god servering. Her ventar Selma, Ådne og Jens Sancho på at det blir sagt «Ver så god!». Foto: Dordi J.H.

På vegne av organist Bernt Bøe la Britt Mossing fram  «Årsmelding for kyrkjemusikk 2015.» Det kom fram at orgelet i Todalen kyrkje ikkje fungerer som det skal, berre «halve orgelet» verkar. Her må det til reparasjon og oppgradering. Frå kyrkjelyden kom det fram ønske om at Todalskoret gjerne kunne delta i fleire gudstenester.

Når det gjeld kyrkjebygget, viser det seg at grunnmuren under koret er sterkt svekka, denne delen av kyrkja sig. Spørsmålet er om det er pengar til reparasjon. Kyrkjegardsmuren må også reparerast, her er det pengar frå ei minnegåve som kan nyttast.

Neste arrangement for soknerådet er fasteaksjonen 15. mars. Neste gudsteneste er skjærtorsdag 24.mars. Det er vel verd å merke seg at om kvelden skjærtorsdag, blir det stor konsert i kyrkja. Da kjem Festivalkvartetetten frå KKK i Kristiansund, og som solist har dei med seg harpespelaren Kjersti Beate Vindal frå Den Norske Opera. Festivalkvartetten skal ha ein konsert i Surnadal kommune, og etter deira ønske blir denne konserten lagt til Todalen.

Til slutt retta soknerådet ein takk til alle dei frivillige som har delteke og støtta arbeidet i Todalen sokn i 2015.

IMG_7769

Det vart nytt sokneråd frå 01.11.2015. Frå venstre sokneprest Bernt Venås, Anders Gjeldnes (sekretær), Ingrunn Janne Torvik (nestleiar), Britt Mossing (leiar) og Sidsel Kalseth Heimlund (varamedlem). Kasseraren Kristen Bruset var ikkje til stades. Foto: Dordi J.H.

Publisert: 15. februar 2016, 01:36