Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. april 2016

Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen.  Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.

Kampen torsdag kveld var jamn og spennande med stor innsats frå båe laga. Jentene var ivrige og synte stor speleglede! Til slutt var det heimelaget som gjekk sigrande ut av kampen. Resultatet vart 4 – 2 til KUST 2.

IMG_8084

KUST 2 – J12.Fremst frå venstre: Lisabet Storslett, Silje Øyen, Maddelen Moen Fiske og Jannicke Valstad Stenberg. Bak frå venstre oppmann Tove Talgø Brøndbo med barnebarnet Håkon, Karoline Brøndbo, Frida Marie Gridseth Hageløkken, Oda Bæverfjord, Aina Bergestuen, Lina Husby Nygård, Elise Margrete Hyldbakk og trenar Ola Einar Øyen. Foto: Dordi J.H.

KUST er eit samarbeidslag mellom Kvass/Ulvungen, Søya og Todalen. Trenar for J 12 er Ola Eina Øyen. Han fortel at dei har 16 spelarar i troppen, slik at dei har to lag. På kveldens lag stilte det tre todalsjenter: Lisabet Storslett, Karoline Brøndbo og Silje Øyen. Oppmann for laget er Tove Talgø Brøndbo.

IMG_8094

Spennande kamp i klassen J12 mellom KUSK 2 og Surnadal 1. Foto: Dordi J.H.

Kveldens flinke dommar var Alice Naustbakk frå Kvanne. Ho spelar for Surnadal, både på J 16 og damelaget. Det er andre året ho er fotballdommar, og ho fortel at ho kan dømme kampar for jenter og gutar i klassane 8 – 12 år. Ho synest det er kjekt både å spele fotball og å vere fotballdommar.

IMG_8089

Alice Naustbakk, kveldens dommar. Foto: Dordi J.H.

Som vanleg var kiosken open med salg av både bakels og graut, brus og is. Grauten og bakelsa smaka fortreffeleg! Knut Bergli fortel at fotballgrupa driv kiosk for å tene pengar til levegg og platting på Bordholmen. Det kan bli godt med levegg!

IMG_8091

Knut Bergli og Carina Talgø selde gode bakels og nydeleg graut. Foto: Dordi J. H.

 

 

Publisert: 21. april 2016, 21:07