Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.


Briller

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. juli 2016

Fredag ettermiddag vart eit par svarte briller funne på vegkanten ytst i Brusetmelane. Brillene vart funne der stien opp til Hjellen startar. Brillene vil bli leverte inn på Matkroken laurdag føremiddag og kan hentast der.


Quiz og kaffe i arboretet

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. juli 2016

Onsdag kveld var det klart for sesongens første quizkveld i arboretet. Quizmester Ida Andrine Heggset hadde laga 30 spørsmål fordelt på seks kategoriar: hummar og kanari, mat og drikke, sommarsongar, blomster og andre buskvekster, sport og fritid, biletquiz frå Norge.


Junivinnaren trekt

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. juli 2016

Kulturkontoret melder: «Det er trekt ut ein vinnar for juni månad blant Stikk UT!-deltakarane i Surnadal kommune.


Langope med quiz og hagevandring i Arboretet

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juli 2016

Dei fire onsdagane i juli er opningstida i Svinviks arboret frå klokka 11.00 til 20.00, både i hagen og kafèen, og det blir program om kvelden. Onsdag 6.juli er det quiz med tema sommar.


Fin tur oppå Åsbøsnytå

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. juni 2016

Onsdag kveld møttest ivrige turgåarar ved Hals, veret var godt, men sola heldt seg bak skyene. Vi fylte opp bilane og kjørte til Nordvik.


Riktig flott onnadag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. juni 2016

For tredje året på rad arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret onnadag på tunet mellom Rehab og pensjonærbustadene. Veret vart riktig bra, og det vart eit yrande folkeliv med små og store i felles aktivitet og riktig triveleg samver. Det var berre blide og glade folk i alle aldrar å sjå!


Siste fellestrim før ferien

Dordi Jorunn Halle Tysdag 21. juni 2016

Onsdag 22. juni blir det siste trimturen i regi av trimgruppa før ferien. Turen går til Åsbøsnyta, ein fin tur og oppe på toppen er det riktig flott utsikt. Det er meldt fint og varmt ver, kanskje det blir solnedgang å sjå frå toppen. Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Oppmøte ved Matkroken […]


God trimtur til Fauskhjellen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 16. juni 2016

Onsdag kveld gjekk trimturen til Fauskhjellen ovanfor Ørsalen. Sju ivrige turgåarar starta opp Ræta i lag med leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik.


Vi minner om: Trimtur til Fauskhjellen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. juni 2016

I kveld, onsdag, er det ny trimtur. Denne gongen er Fauskhjellen målet for turen. Det er ein grei tur som passar for alle, seier leiar i trimgruppa Jorunn Nordvik. Oppmøte i «Ræta», ved den gamle brannstasjonen. Turen startar 18:30. Alle er velkomne til å bli med på tur!


Vellukka sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. juni 2016

Tysdag kveld var det duka for felles sommaravslutning for barnehagen og skulen i Todalen. Gymsalen var fullsett da leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, ønskte velkomen. Både familie og vener av ungane ved oppvekstsenteret møtte fulltalig opp!


Triveleg Drivatur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. juni 2016

Onsdag kveld inviterte Driva og Surnadal kommune til Stikk UT!-tur med Storhaugen som mål. Kraftige regnbyger onsdag ettermiddag skremde nok bort ein del trimmarar, men veret vart bra for dei 25 som vart med på trimturen.


Svinvikrunden mest populær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. juni 2016

Stikk UT!-opplegget inspirerer til trimturar både i nærområdet og litt lenger unna. I Surnadal kommune er det tolv Stikk UT!-postar, og av dei er Svinvikrunden mest besøkt.