Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Riktig flott onnadag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. juni 2016
IMG_8782

Eit yrande folkeliv på tunet. Foto: Dordi J H

For tredje året på rad arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret onnadag på tunet mellom Rehab og pensjonærbustadene. Veret vart riktig bra, og det vart eit yrande folkeliv med små og store i felles aktivitet og riktig triveleg samver. Det var berre blide og glade folk i alle aldrar å sjå!

IMG_8724

Damer som tykte det var stor stas med onnadag. Frå venstre: Signe Skralthaug, Erna Nordvik Bævre og Gunvor Nordvik. Foto: Dordi J H

For første gong hadde arrangørane gått ut med open invitasjon i avisene til alle interesserte, og spesielt inviterte var alle barnehageungane i kommunen og bebuarane ved dei kommunale institusjonane. Og det kom mykje folk, arrangørane var overvelda over oppslutninga.

IMG_6104

Salget av sveler og bakels gjekk strykande. Frå venstre: Inga Elise Brøske, Jorunn Ness, Ole Anders Gravvold og Lisbet Ranes. Foto: Dordi J H

Bebuarar og brukarar ved Rehab og Dagsenteret i lag med dei tilsette har jobba hardt for å få alt i stand til denne dagen. Dei har bryggja onnaøl som alle fekk ein smaksprøve av, det var riktig godt! Det var også til sals med fine etikettar på flaskene. Vidare har dei baka spansk landbrød, grovbrød med gulrot og nøtter, plukka ramslauk og laga urtesmør, koka rabarbrasylt, laga soplingar, strikka og hekla handarbeidsvarer – alt dette for salg! –  og inntektene skal gå til ein betre uteplass. Vidare fortalde Gunnvor Liatun at ho hadde koka smørgraut, for sjølvsagt var det salg av graut og bakels, sveler med syltetøy og kaffe koka på svartkjel. Etter kvart kom det rømmegraut på bordet i kantina. Alt smaka fortreffeleg, og praten rundt borda gjekk lett.

IMG_8746

Ivrige hesjarar. Dei minste fekk hjelp til å nå opp på øvste strengen. Foto: Dordi J H

IMG_8778

Dyktige onnatauser. Laila Halset Ulvestad og Signe Skralthaug med riva. Laila ordnar med gras, hesjeutstyr og dyr. Foto: Dordi J H

Frå Skralthaugen var det kome eit par lass med gras, og hesjing vart det, unge og eldre i lag. Det vart instruert i hesjing – viktig å riste opp graset! Dei minste måtte løftast opp for å få legge graset på strengen. Men det vart litt dramatikk da endpålane gav etter, og hesja var i ferd med å rase saman. Heldigvis kom det raskt hjelp til og hesja vart berga.

IMG_8754

Dramatikk – endpålane var for svake og hesja skulle til å rase saman. Rask reaksjon hindra «katastorofa». Foto: Dordi J H

IMG_8760

Her blir endpålane skikkeleg festa i jorda. Vi ser ryggen av Laila Ulvestad, så Kåre O. Bøklepp, Jon Bævre, Narve Talgø, Kristen Halle og Siri Heggem Bævre. Foto: Dordi J H

Det var mange dyr på plassen, hestar, ponni, geiter, kaninar og søte kattungar – spesielt populært hos dei yngste.

IMG_8726

Dyra var populære. Foto: Dordi J H

Musikk og dans vart det, og. Surnadal sparebank hadde ordna med telt til musikarane, og dansarar frå Surnadal leikarring førte an i dansen. Musikken var det Oddmund Solem og Anders Moen på trekkspel og Fredrik Sjøflot på blokkfløyte som stod for. Det svinga bra, og mange trappa takten om føtene og balansen var slik at det ikkje var råd å trø dansen på vollen!

IMG_8764

Oddmund Solem, Anders Moen og Fredrik Sjøflot spela. Borgny Heggset song litt. Foto: Dordi J H

IMG_8773

Dans vart det! Foto: Dordi J H

Arrangørane er svært glade for at dei møter så positiv velvilje frå alle dei spør om å hjelpe til eller stille med dyr og andre tenester. Dagen vart svært så vellykka, så dette er eit arrangement som er kome for å bli.

Litt fleire bilete frå ein god dag:

IMG_8785

Folk kosa seg i det gode veret. Foto: Dordi J H

IMG_6138

Pause ved hesja – det er ikkje kvar dag det skjer. Foto: Dordi J H

IMG_6101

Triveleg å vere på onnadag! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 23. juni 2016, 00:05