Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langope med quiz og hagevandring i Arboretet

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juli 2016
IMG_8866

Rododendron i blomst. Foto: Dordi J H

Dei fire onsdagane i juli er opningstida i Svinviks arboret frå klokka 11.00 til 20.00, både i  hagen og kafèen, og det blir  program om kvelden. Onsdag 6. juli er det quiz med tema sommar.

Quizmester er Ida Andrine Heggset, og ho kan fortelja at det blir spørsmål frå mange ulike kategoriar innafor emnet sommar – spennande!  Og det blir premiering, «Velsmakande premiar,» fortel ho. Neste runde med quiz blir 27. juli, og tidspunktet for quiz-start er klokka 18.00.

IMG_8830

Katarina og Ida Andrine på jobb i arboretet. Til venstre: Katarina Wedelsbach Bladh – ho er museumsbotanikar. Til høgre Ida Andrine Heggset, ho har sommarjobb i kaffèen tredje året. Båe synest arboretet er ein flott stad å arbeide. Foto: Dordi J H

Onsdag 13. juli har botanikar Egil I. Aune hagevandring med tittel «(H)jultre i juli, levende fossiler og andre rariteter».  Onsdagen etter, 20. juli, er det ny hagevandring, da med leiar for Nordmøre museum, avdeling Surnadal, Maja Frønes.

I kaffèen serverer dei prima, heimelaga bakverk som rabarbrakake med heimelaga vaniljeis, sveler og andre godsaker.

IMG_8865    IMG_8832

Rododendronblomstringa er på hell, men det er mykje anna interessant og fint å sjå i arboretet. Peonane er på tur til å blomstre og «Anne-bedet» er fint no. I hagen er det fine oasar der ein kan sette seg på ein benk og nyte ei roleg stund.

IMG_6226

Foto: Dordi J H

Sesongen så langt har vore bra med riktig godt besøk. Det har vore mange bussgrupper frå Trondheim/ Trøndelag og Molde/Romsdal, no er det mange utanlandske turistar som er innom. Dei tilsette i arboretet er svært glade for at så mange frå nærområdet her på Nordmøre besøker Svinvika. «Mange blide todalingar har og vore innom i løpet av våren og sommaren, kjekt!» seier Ida Andrine.

Mange som går Svinvikrunden legg gjerne turen innom arboretet for å ta kaffepause eller sjå seg rundt i hagen. «Kombinasjonen arboret med kaffè og Stikk UT!,» er flott seier Ida Andrine og Katarina.

Opningstidene i juli er slik: onsdag kl. 11.00 – 20.00, torsdag – søndag kl. 11.00 – 16.00.

IMG_8860

Foto: Dordi J H

IMG_6221

Foto: Dordi J H

IMG_8835

Foto: Dordi J H

Her kan du sjå heimesida til arboretet på Facebook

 

 

 

 

Publisert: 4. juli 2016, 13:00