Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg Drivatur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. juni 2016
IMG_5858

Her er Stikk UT!-gjengen samla oppe på Storhaugen. Foto: Dordi J H

Onsdag kveld inviterte Driva og Surnadal kommune til Stikk UT!-tur med Storhaugen som mål. Kraftige regnbyger onsdag ettermiddag skremde nok bort ein del trimmarar, men veret vart bra for dei 25 som vart med på trimturen.

På turen frå Todalshytta og opp til toppen var det natursti med ti oppgåver – Jorunn og Britt fekk ni av  ti rette svar – bra! Dei fekk kvar sin CD i premie. Men alle som var med på turen fekk servert nydeleg kveldsmat – ekstra godt smaka det med heimelaga jordbærsyltety. Godt med varm kaffe i den litt sure vinden, og.

IMG_5848

Norunn Holten ordna med retteleg god kveldsmat til trimmarane. Foto: Dordi J H

DRIVA trekte ut to vinnarar av DRIVA-abonnement mellom turdeltakarane, her vart Katarina Wedelsbäck Bladh og Martinus Nes dei heldige. Og Kevin Andre frå Valsøyfjorden fekk premie som turens yngste deltakar.

Stikk UT!-turen med DRIVA og Surnadal kommune var triveleg – eit godt tiltak!

IMG_8617

Desse var arrangørar på Stikk UT-turen: Frå venstre: Jorunn Nordvik og Ola Bruset frå trimgruppa i Todalen idrettslag, Grete Grimsmo Vågbø og Geir Forbregd frå DRIVA og Norunn Holten frå Surnadal kommune. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Publisert: 8. juni 2016, 23:28