Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Junivinnaren trekt

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. juli 2016

Kulturkontoret melder: «Det er trekt ut ein vinnar for juni månad blant Stikk UT!-deltakarane i Surnadal kommune. Gåvekortet på 500 kroner gjekk denne månaden til Eunkyong Youn frå Moan. Ho sikra seg gåvekortet etter eit besøk til Stikk UT!-posten på Tussan i Halsa kommune. Vi gratulerer!

Kulturavdelinga i Surnadal kommune trekker eit gåvekort blant Stikk UT!-deltakarane kvar månad så lenge sesongen varer. Føremålet med premieringa er å få fleire til å registrere Stikk UT!-turane sine  på nett. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, er med på trekninga. Jo fleire registrerte turar, jo større vinnarsjansar!»

Frå 1. mai og fram til i dag er det registrert 3350 turar til dei tolv Stikk UT!-postane i kommunen vår – imponerande tal! Framleis har Svinvikrunden flest besøkt, med 695 turar registrert på Stikk UT!-sida. Men det notert om lag 1900 turar i boka frå 20. april til no, 538 turar berre i juni!

Kleiva er den nest mest besøkte Stikk UT!- posten i kommunen. Storhaugen er også godt besøkt, 200 turar er notert i boka der i juni.

IMGP6935

Det er vakkert i Innerdalen. Foto: Jon Bruset

Denne sesongen er det Stikk UT!-tur til vakre Innerdalen. Trimposten er ved Innerdalshytta. Turen er 3,8 km lang ein veg etter god grusveg, total stigning er på 200 meter.

 

Først publisert: 5. juli 2016, 13:36 - Sist oppdatert: 8. juli 2016, 21:08