Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Quiz og kaffe i arboretet

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. juli 2016

Onsdag kveld var det klart for sesongens første quizkveld i arboretet. Quizmester Ida Andrine Heggset hadde laga 30 spørsmål fordelt på seks kategoriar: hummar og kanari, mat og drikke, sommarsongar, blomster og andre buskvekster, sport og fritid, biletquiz frå Norge. Spørsmåla var ikkje så lette, så ingen av dei fire laga greidde fullt hus. Det vart ein tett og jamn konkurranse, der «Nabolaget» frå Surnadal gjekk av med seieren. Vinnarlaget fekk  godsaker i premie.

IMG_8879

Både riktig fin og god ostekake. Foto: Dordi J H

Men alle kosa seg med kaffi og kaker. Kakene var både lekre og velsmakande: ostekake, rabarabrakake med heimelaga is og sveler med lønnesirup.

IMG_8887

Hilde Staveli Solli (til høgre på biletet) er ansvarleg for kaffedrifta i arboretet. Ida Andrine Heggset til venstre. Foto: Dordi J H

Kjekt og triveleg både med quiz, kaffi og hyggeleg prat!

Neste onsdag er det vandring i hagen med botanikar Egil I. Aune. Tittelen på programmet hans er: «(H)jultre i juli, levande fossilar og andre raritetar.»

IMG_8882

Klart for quiz. Foto: Dordi J H

Publisert: 7. juli 2016, 00:24