Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinvikrunden mest populær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. juni 2016

Stikk UT!-opplegget inspirerer til trimturar både i nærområdet og litt lenger unna. I Surnadal kommune er det tolv Stikk UT!-postar, og av dei er Svinvikrunden mest besøkt. Der kom det opp ny Stikk UT!-bok 20. april, og frå da og fram til i dag er det notert 1505 turar i boka! Da blir det i gjennomsnitt 31 besøk om dagen! Det er imponerande, men så er det og ein utruleg fin runde å gå. Viss ein synest det blir mykje asfalt når ein går langs fjorden, er det eit alternativ å gå om Hjellnes og mastene. Heile 368 turar er notert i Stikk UT-boka på Storhaugen i mai – slett ikkje verst det heller.

IMG_5078

Idylliske Svinvikrunden. Foto: Dordi J H

Når det gjeld registreringar på nett i Surnadal kommune, er også Svinvikrunden mest populær med 546 turar. Her kjem Kleiva på andreplass, så følgjer Trodalen og Storhaugen. På Sulå er det så langt registrert elleve turar, men der blir det nok større aktivitet der når det lir lenger ut på sommaren. I alt er det registrert 2250 turar frå 1. mai og fram til i dag på dei tolv turmåla i kommunen.

PREMIERING – VINNAR AV ÅRETS FØRSTE GÅVEKORT

Kulturavdelinga i kommunen trekkjer kvar månad eit gåvekort 500 kroner blant Stikk UT!-deltakarane med adresse i Surnadal kommune. Den første heldige vinnaren vart Roger Sæter som er med på Stikk UT-bedrift for Datasenteret på Skei. Han har alt vore på ti av dei tolv turmåla. Formålet med premieringa er å få flest mogleg av Stikk UT!-trimmarane til å registrere seg på nett. Men sjølvsagt er trimturen både like fin og gjer like godt med eller utan registrering.

knykstien[1]

Frå Knykstien. Foto: Norunn Holten

I alt er det 179 turmål på Stikk UT!-kartet. Viss ein vil ha litt variasjon i natur, er det mange fine turar i ytre strøk, og – mellom anna Skorpa i Kristiansund. Der er starten på Gomalandet.

IMG_8574

Stikk UT!-posten på Skorpa. «Blått hav så langt du ser ….» Foto: Dordi J H

 

Publisert: 7. juni 2016, 15:02