Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skileik og skimerkerenn på Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. februar 2016

Søndag 21. februar var det riktig fine forhold oppå Tjønnmyrå, og idrettslaget nytta det gode skiføret til å arrangere både  «Barn i løypa» og skimerkerenn.

IMG_7805

Ivrige skigåarar. Fremst: Nicole og Maria. Bak: Laila og Kari Kvendset. Foto: Dordi J.H.

IMG_7773

Også ein ivrig skigåar: Jan Nathaniel. Han bur på Lillestrøm. Foto: Dordi J.H.

Ungar med ski på beina kosa seg i det fine anlegget. Dei trappa opp bakken og rende ned att gong etter gong, eller dei tok ein runde eller to bortover lysløypa. Det er tydeleg at den fine og  stabile vinteren har gjort at ungane har vorte riktig så flinke på ski. Artig å sjå at ungar leikar seg og kosar seg på ski igjen! Men innimellom er det sjølvsagt morosamt å bruke akebrett eller ta ein liten snøballkrig.

IMG_7783

Jens Sancho gjekk først runde i løypa, etterpå vart det renning i bakken. Foto: Dordi J.H.

IMG_7781

Trygve Aleksander og Van Adrian hadde ein fin dag både i løypa og bakken. Foto: Dordi J.H.

Det var også skimerkerenn. Åshild Halle frå ski- og friidrettsgruppa fortel at siste gongen det var arrangert skimerkerenn nede i bygda var i 2011, da var det i gammellysløypa i Ørsalbukta. Det året tok 15 personar skimerke. Seinare år har det vore høve til å ta skimerke i samband med Kjerringdilten på Skihytta. I dag greidde 14 personar kravet til skimerke, den eldste var Johan Kvendset og den yngste var Jenny Lello Talseth på sju år.

IMG_7803

Jenny – yngste deltakar som tok skimerke. Foto: Dordi J.H.

IMG_7797

Johan Kvendset er veteran, han og tok skimerket. Foto: Dordi J.H.

Neste helg er det ny runde med «Barn i løypa». Det vil også bli fleire høve til å ta skimerke, melder Åshild, så følg med på todalen.no!

IMG_7812

Sekretariatet: Ståle Ansnes, Trygve Halle og Terje Gulliksen. Foto: Dordi J.H.

Det var skikkeleg god og triveleg stemning på Tjønnmyrå i dag, blide ungar og vaksne! Det er vinterferietid og mange som ferierer i bygda møtte fram, kjekt.

IMG_7819

Rennleiar Trygve Halle (til venstre) i lag med Arne Talseth. Han var den einaste som gjekk mila i dag! Foto: Dordi J.H.

IMG_7822

Vinterferie og bålkos på Tjønnmyrå. Denne gjengen held hus i Kvennsetøyan.Frå venstre: Espen, Cathrine, Jenny, Maria med Edvard, Ingrid, Elisabeth med Amanda. Fremst Edmund og Sarah. Foto: Dordi J. H.

IMG_7784

Før start. Frå venstre: Åshild, Cathrine, Maria, Ingrid og Elisabeth. Fremst Jenny i lag med bestefar Edmund Talseth. Foto: Dordi J.H.

 

 

 

Først publisert: 21. februar 2016, 22:27 - Sist oppdatert: 14. mars 2016, 12:24