Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetsforeninga med «loppeparty».

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis». Det var sal av klede, skor, vesker og accessoirar for damer i alle aldrar, og prisen var god: 50 kroner pr del, uansett kor fint det du ville kjøpe, var.

IMG_7891

May-Elisabeth har akkurat gjort eit røvarkjøp. Foto: Dordi J.H.

Dette tilbodet var nok både nytt og uvant, oppmøtet vart ikkje så stort og salet tok ikkje heilt av. Men somme gjorde skikkelege røvarkjøp! Tanken bak tiltaket – gjenbruk – er riktig god,  så det går an å prøve til att ein annan gong. No blir det nokon i Estland som får glede av kleda.

IMG_7903

Mykje fint! Foto: Dordi J.H.

Publisert: 22. mars 2016, 22:29