Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ærverdige æresmedlemer

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

Hundreårsjubilanten Todalen sanitetsforening har fire æresmedlemer, nemleg Anne Moe, Olina Halle, Marit Kalseth og Lisbet Halle. Dette er fire flotte representantar for norske sanitetskvinner. Dei har lang fartstid i organisasjonen, dei er vitale og positive, dei hugsar godt og har mykje å fortelje, og gjennomsnittsalderen for damene er 93 år!

IMG_7855

Æresmedlemene i lag med leiaren i Todalen sanitetsforening i jubileumsåret, Maren Ansnes. Fremst Marit Kalseth, til venstre, og Lisbet Halle. Bak frå venstre: Anne Moe, Maren Ansnes og Olina Halle. Foto: Dordi J.H.

Like før påske var æresmedlemene samla inne på sjukeheimen til mimring og kaffelag, – dei hadde mykje å prate om, og det vart ein riktig så triveleg og interessant ettermiddag. Alle var einige om at den største og viktigaste felles oppgåva i deira si tid i Sanitetsforeininga, var bygginga av Sanitetshuset. Huset stod ferdig i 1981, men vart påbygd alt i 1986. Marit Kalseth var leiar i foreininga i den første byggeperioden og var med i byggekomiteen. Ho og Lisbet minnest at dei var i møte med ordførar Torvik for å diskutere prosjektet og for å få kommunal støtte. Marit fortel og at kommunen syntest sanitetsforeininga var kravstor som ville ha to tomter, dei kunne vel bygge i høgda. Da fekk kommunen klart svar: «Det er nok hus i Todalen med fleire etasjar og trapper!» Alle medlemene gjorde ein stor jobb i samband med husbygginga, det var mykje dugnadsarbeid og matservering!  I dag bur Marit i ei av dei fire lettstelte og trivelege leilegheitene i Sanitetshuset.

Vidare fortel Marit, 92 år,  at ho vart medlem i Vullumstranda sanitetsforening som 15-åring, og at ho har vore medlem i foreininga i Todalen sidan 1963 og at ho framleis er med på medlemsmøta!

IMG_7871

Triveleg prat rundt kaffebordet. Foto: Dordi J.H.

Olina, 91 år, minnest kor god hjelp familien fekk av Saniteten da mor hennar låg sjuk heime før ho døydde i november 1945. Sanitetsforeininga hadde sengeklede og utstyr til stell av sjuke til utlån, dette var til stor hjelp. Likeså kom det sjukepleiar til heimen og budde der i fleire veker, ho gav den sjuke og familien trygg og god hjelp – både natt og dag. Sanitetsforeiningane i Stangvik kommune hadde sjukesøster tilsett heilt fram til 1974. Olina, som har vore medlem i om lag 70 år, slår fast at Sanitetsforeininga før i tida betydde mykje for dei som var sjuke.

Anne, 89 år, fortel ho har vore medlem i vel 50 år. «Eg gjekk på sanitetsmøte etter at eg hadde lagt ungane,» fortel ho. «Vi hadde møta heime. Serveringa var brødskive med godt pålegg, ei kake og kaffe. Det var alltid song og utlodding.» Saniteten hadde og utstyr til utlån for nybakte mødrer, slik som barnevekt og brystpumpe. Anne var sekretær i nokre år.

Lisbet er fire månader eldre enn Todalen sanitetsforening, både mor og mormor hennar var med på skipingsmøtet 21. januar i 1916. «Eg har vakse opp med Saniteten,» fortel ho. Ho har vore medlem heile sitt vaksne liv, og ho har vore både leiar og kasserar, i tillegg var ho ein periode leiar for  Stangvik Hovedforening (samanslutning av sanitetsforeiningane i kommunen).

Dei fire sanitetskvinnene synest at åra i foreininga har vore givande, meiningsfulle og interessante, og Anne, Olina og Marit gler seg til jubileumsfesten 9. april.

Alle dei fire æresmedlemene er stolte av arbeidet som er utført av medlemene i Todalen sanitetsforening gjennom 100 år!

IMG_7868

Maren hadde med påskehelsing til æresmedlemene. Fremst Marit Kalseth og Lisbet Halle ( til høgre). Bak frå venstre Anne Moe og Olina Halle. Foto Dordi J.H.

 

Publisert: 22. mars 2016, 01:22