Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka og triveleg konfirmantfest

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. oktober 2015

Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest i Ungdomshuset. Sokneprest Bernt Venås ønskte alle velkomne til ein enkel, stille og roleg fest der sosialt samver var det viktigaste. Og det vart ein riktig så fin kveld med god og triveleg prat, nydeleg gryterett og gode kaker.

IMG_6735

Bernt Venås leia kvelden. Her ønsker han alle velkomne. Foto: D.J.H

Søndag 27. juni 1965 var det heile tolv konfirmantar i Todalen kyrkje, fire gutar og åtte jenter. No er det berre ti som lever, og av dei møttest fire på konfirmantfesten. Dette var første konfirmantkullet her i bygda for sokneprest Karl Jakobsen.

IMG_6769

Her er dei fire konfirmantane som møttest laurdag kveld.Dei kosa seg i Ungdomshuset. Nils var den minste i 1965, men slik er det ikkje no lenger! Frå venstre Gerd Todalshaug, Gerd Rendal Smørdal, Nils Gjeldnes og Synnøve Gjeldnes Myklebust. Foto: D.J.H

«Konfirmasjon til ulike tider» var tema for talen til Venås. Her tek vi med litt av det han fortalde. I  Norge har konfirmasjonen røter tilbake til 1500-talet, og i 1736 vart det lovfesta at alle ungdomar i landet skulle konfirmerast. Konfirmasjonen var ein markant overgang frå barn til vaksen og var viktig både sosialt, kulturelt og åndeleg. Ein måtte vere konfirmert for å kome inn i militæret, for å få lov til å gifte seg og ein kunne bli straffa for ikkje å konfirmere seg. Men det var ikkje like lett for alle å greie krava til konfirmasjonen som var meir som ein offentleg eksamen, – ikkje alle bestod.  Ein del streva og måtte prøve fleire år på rad før dei  greidde krava.Trist å vite at enkelte før i tida opplevde både nederlag og å bli ydmyka i møte med kyrkja.  Ja, presten sette faktisk karakterar på konfirmantane i kyrkjeboka. Men Venås kunne fortelje at Jakobsen var mild og tok det meste med det gode, og at årets femtiårskonfirmantar i kyrkjeboka hadde fått berre gode karakterar,  enten Mg+, Mg eller Mg- !

IMG_6743

Soknerådet var vertskap og komite for festen. Dei hadde pynta fint, laga god mat og skaffa fine og gode kaker! Foto: D.J.H

IMG_6747

Nils Gjeldnes fekk æra av å ta første kakestykket. Foto: D.J.H

Synnøve Gjeldnes Myklebust takka på vegne av jubilantane for invitasjonen til konfirmantfesten og for ein riktig så triveleg kveld. Ho trudde at dei i 1965 kanskje var det første kullet som brukte konfirmasjonskapper. Men under kappene hadde jentene fine kjolar i crimplene og blanke lakkskor med stiletthælar! Ho tok fram mange artige og lystige minne frå konfirmasjonstida. Som ei helsing til medjubilantane og festlyden las ho diktet «Den særde» av Aasmund Olavson Vinje, – eit dikt med mykje livsvisdom.

IMG_6752

Triveleg bordsete. Synnøve Gjeldnes Myklebust delte mange gode og artige minne med festlyden. Frå venstre: Synnøve Gjeldnes Myklebust, Synnøve Gjeldnes og Nils Gjeldnes. Foto: D.J.H

Til slutt inviterte Venås alle til hausttakkefest i kyrkja søndag 11. oktober.

IMG_6771

Soknerådet var komite i lag med soknepresten. Dei fem soknerådsmedlemene er no snart ferdige med perioden sin. Ildri Sjøland Øyen har lengst fartstid, ho har vore med i soknerådet i heile tolv år. Frå venstre: Knut Halset, Ola Bruset, Ildri Sjøland Øyen, Jorunn Nordvik, Gunn Tove Svinvik og Bernt Venås. Foto: D.J.H

 

Publisert: 11. oktober 2015, 01:17