Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kva tenker Putin – og kvifor?»

Dordi Jorunn Halle Onsdag 14. oktober 2015

Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterte onsdag 14. oktober til møte på Surnadal kulturhus med kåseri av Per Egil Hegge. Han er no 75 år og pensjonist etter 43 år i Aftenposten, der han har vore journalist, utanlandskorrespondent og redaktør, altså ein erfaren pressemann og også aktiv samfunnsdebattant.

Tittelen for kåseriet onsdag var: «Kva tenker Putin – og kvifor?» Per Egil Hegge tok utgangspunkt i russiske historie for å kaste lys over Putin og russisk politikk i dag. Han såg ein tydeleg samanheng gjennom historia frå Peter den store på 1600-talet og fram til i dag. Han var inne på den russiske politikken i sør og aust, mellom anna i  Midt-Austen og Syria, og sjølvsagt også tilhøvet mellom Russland og Vesten.

Helene og Hegge

Helene Marie Nergård frå styret i Senioruniversitetet og kåsør Per Egil Hegge. Foto: D.J.H.

Per Egil Hegge imponerte med stor kunnskap, histroriske fakta og godt innsyn i Russisk historie og politikk, han heldt eit interessant og engasjerande foredrag i godt og vel ein time, og det –  utan manuskript! «Fantastisk», sa Helene Marie Nergård da ho takka kåsøren.

Heile seksti personar hadde møtt opp i Kammerset i dag og  var  svært godt fornøgde med dagens kåseri. Etter kåseriet var det triveleg sosialt samver med kaffe og bakels.

IMG_6860

Mange hadde møtt opp for å høyre kåseriet til Hegge. Dei vart imponerte over den kunnskapsrike pensjonisten. Foto: D.J.H.

 

Publisert: 14. oktober 2015, 18:43