Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg eldretreff i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. oktober 2015

Elevar ved helse- og oppvekst-lina ved Surnadal vidaregånde skule inviterte måndag pensjonistar til formiddagskaffe i Todalen sanitetshus. Om lag 20 todalingar møtte opp, og dei fekk ei riktig så triveleg stund i lag med dei unge.

IMG_6907

Her er elevane som arrangerte dagens hyggestund: Fremst frå venstre: Hedda Sæter, Maren Kvande, Nelly Skjølsvold, Ragnhild B. Ranheim, Gullborg Stenberg og Eirin Mogset. Bak frå venstre: Inger Moe, Andrea Bævre, Guro Bergstad, Vebjørn Berg Leinås, Thea Saksen Ulvund, Solveig Berg, Ole Heggem og Andreas Gynnild. Foto: D.J.H

IMG_6922

Bingosjefar: Inger Moe og Guro Bergstad. Foto: D.J.H.

IMG_6925

Jenny Kvendset var den første som fekk bingo. Her får ho overlevert premien av Ole Heggem. Ellen Marie Monstad og Olina Halle sit på kvar side av Jenny. Foto: D.J.H.

Elevane organiserte først bingo, og bingospelararne viste stort engasjement. Populære premiar var boksar med sjølvbaka kaker, og det var veteranane som stakk av premiar dei tre første omgangane: Jenny Kvendset (94 år) og Marit Kalseth (92 år). Etter bingorundane vart det kaffeservering. Åse Ville Redalen frå Todalen Sanitetsforening var kaffekokar, medan elevane hadde pynta og dekt fine bord. Dei serverte sjølvlaga kaffebrød: kjempegode bollar og nydeleg gulrotkake! Praten ved kaffeborda gjekk lett, og både unge og eldre kosa seg. Etter kaffelaget vart det nye rundar med bingo.

Bursdag

Jorunn Ørsal hadde fødselsdag. Her er ho midtpunkt medan alle syng «Gratulerer med dagen». Foto: D.J.H.

Ansvarlege lærarar ved helse- og oppvekstlina er Ingborg Myrvang, Kristin Holten og Kathrine Johansen. Ingeborg fortalde at målet denne perioden er at elevane skal ha ansvar for å arrangere trivselstiltak for eldre og erfare å vere i lag med eldre. Etter å ha arrangert tiltak for eldre i Todalen og tidlegare ved Surnadal sjukeheim skal elevane i neste periode  ha praksis og  gjennomføre opplegg i skule og barnehage. Det skal munne ut i at dei arrangerer juleverkstad ved ein skule i adventstida. Det er viktig at elevane får møte personar i ulike aldrar og livssituasjonar.

IMG_6931

Nelly Skjølsvold serever gode bollar til Marit Kalseth. Foto:D.J.H.

IMG_6934

Godt med folk i Sanitetshuset. I framgrunnen Grete Torvik og Anne Moe. Foto: D.J.H.

Formiddagstreffet i Sanitetshuset vart riktig så vellykka, – det vart ein fin møteplass for både unge og eldre! Vi ønsker elevane lykke til med neste prosjekt og utdanninga vidare!

 

Publisert: 19. oktober 2015, 22:42