Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Valet er i gang

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. september 2015

Da er den store valdagen komen, og ved skulen var  det stor aktivitet alt frå stemmelokala opna klokka 12.00. I alt er det fem ulike val – da gjeld å halde tunga beint i munnen.

PT-val:

Utanfor porten er det tøffaste vallokalet – «Vømmelbua» til Lars Kvendset. Her er det val til nytt PT-utval for dei neste fire åra.

IMG_6520

Her er det val til nytt PT-utval. Lars Kvendet og Jorunn Nordvik frå det avtroppande PT-utvalet organiserer dette valet. Dei har fått selskap av ordførar og rådmann som er på ein runde for å besøke alle dei seks stemmelokala i kommunen. Frå venstre: Lars Kvendset, Jorunn Nordvik, Jon Husby, Lilly Gunn Nyheim, Ola Haugen Ansnes, Ståle Ansnes, Knut Haugen. Foto: D.J.H.

Kandidatane på lista til nytt PT-utval er:

Bohle, Carsten

Bruset, Jostein

Bruset, Ola

Gjeldnes, Jo

Gjeldnes, Torill

Hals, Johan Todalshaug

Halset, Håvard

Kvendset, Laila

Kvendset, Olaug

Moe, Jens OLav

Myrvang, Ingeborg

Nordvik, Terje

Skjerve, Siri

Talgø, Anders

Talgø, Torill

Ulvund, Thea Saksen

Øyen, Mads Marius

Her skal ein  stemme på totalt sju personar.

Val til kommunestyre og fylkesting:

IMG_6506

Leiar i stemmestyret for Todalen krins er Jon Olav Ørsal. Her får han hjelp av Elinor Bolme til å sørge for at valet går rett føre seg. Foto:D.J.H

IMG_6503

Karin Helen Halle og Dan Roger Pedersen kryssar av i manntalet og passar på stemmesetlane kjem på plass i urna. DFoto: D.J.H

IMG_6508

Ståle Ansnes avgir stemmer til fylkesting og kommunestyre. Foto:D.J.H.

Biblioteket er stemmelokale for val til nytt kommunestyre og fylkesting. Jon Olav Ørsal er leiar for stemmestyret for Todalen krins, Karin Helen Halle er nestleiar og øvrige medlemer er Dan Roger Pedersen og Elinor Bolme. Stemmestyret hadde god kontroll og sørga for valet går rett føre seg.

Val av sokneråd og bispedømmeråd

IMG_6510

Her er det val til sokneråd og bispedømmeråd.Knut Halset og Ildri Sjøland Øyen er valfunksjonerar, medan Anders Halset skal stemme.Foto:D.J.H

IMG_6517

Steinar Frøystad er klar med stemmesedlane. Foto: D.J.H

I gymsalen er det val til dei kyrkjelege organa: sokneråd og bispedømmeråd. Her var det reperesentantar frå novernde sokneråd som styrer valet, nelmeg Ildri Sjøland Øyen og Knut Halset.

Alle stemmelokala er opne til klokka 20.00 i kveld.

Publisert: 14. september 2015, 15:20