Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


FAU aksjonerer mot nedlegging av Todalen skule

Elinor Bolme Måndag 9. november 2015

Foreldreutvalget ved Todalen skule har i følge NRK Møre og Romsdal si nettside skreve eit brev til alle representantane i kommunestyret der dei reagerer på saksgangen vedrørande forslag om å leggje ned Todalen skule frå hausten 2016. Dette er grunngjeve ved at kommunen ikkje kan gjere endringar i skulestrukturen i forbindelse med budsjettbehandlingane, men at det må fremmast ei eiga nedleggjingssak.


Full fres for dei minste

Elinor Bolme Tysdag 3. november 2015

Etter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.


Skuletur til Rossåa settefiskanlegg

Britt Mossing, Todalen Oppvekstsenter Onsdag 28. oktober 2015

Vi var så heldige å få invitasjon frå Monika på Rossåa settefiskanlegg til stamfiskhuset ved Bjøråa for å sjå korleis stryking av fisk gjekk føre seg. Vi hadde tidlegare i haust møtt Monika og Bjørnar ved elva. Da var dei på på utkikk etter stamfisk.
Alle elevane på skulen fekk sjå korleis rogn frå holaks og mjølke frå hannlaksen vart stroke ut og blanda saman.


Årets førsteklassingar i Todalen på Porten

Elinor Bolme Fredag 23. oktober 2015

Også i år har Trollheimsporten tatt turen rundt på skulane i kommunen for å besøke 1. klassingane. Sist ut var todalsgjengen som hadde bydd på seg sjølv til journalisten i dag. Både under leik og på faglege områder. Les heile saka på Trollheimsporten: Småtrollene i Todalen


Storveis oppmøte for Nepal

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015

Todalen Oppvekstsenter inviterte i ettermiddag til avslutningsfest på temaet Nepal. Elevane har den siste tida lært om korleis dei kan hjelpe andre born., og viste stolt fram dette i dag både frå scena og i form av plakatar og heimelaga salgsutstilling i gymsalen. I tillegg hadde dei lynlotteri og ordinær basar med mange fine gevinstar, både laga […]


FORUTfestival i Todalen oppvekstsenter

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. oktober 2015

På skulen skal dei ha avslutningsfest på temaet Nepal, og har den siste tida lært mykje om korleis dei kan hjelpe andre born. Tysdag 20. oktober kl 16 – 18 inviterer elevane i todalen oppvekstsenter alle som har lyst til å kome på FORUTfestival. Det kostar kr 50 for vaksne, og inkluderer linsesuppe og ris, kaffebrød og kaffe. Serveringa startar kl 16, og elles bys det på loddsal og lett underhaldning.


Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 15. september 2015

Denne veka har dei fokus på brannvern både i barnehagen og på skulen. I dag hadde dei besøk av Ivar Bolme frå det lokale brannvesenet. Han stilte med brannbil og utstyr – det var spennande! Elevane var engasjerte, og dei stilte mange gode spørsmål. Det var også viktig å få høyre korleis sirena let.   […]


Vi kan fort bli over 30!

Elinor Bolme Fredag 28. august 2015

Vi har fått tilsendt eit lesarinnlegg frå Todalen oppvekstsenter i dag. Der har elevane snakka om kommunevalg den siste tida, og da har nedlegging av skulen vore eit hett tema i følgje kontaktlærar Anja Dalsegg Sæther. I den forbindelse fekk elevane i oppgåve å skrive eit lesarinnlegg kvar. Dette resulterte i mykje godt arbeid og særleg eitt, skreve av ein 7. klassing ved skulen. Høgst dagsaktuelt no før valget den 14. september.


Første skuledag ved Todalen Oppvekstsenter

Elinor Bolme Tysdag 18. august 2015

Etter vel to månader fri, var det i går full rulle i skulegarden ved Todalen Oppvekstsenter igjen. I år er det 23 elevar som går på skulen, og heile 6 førsteklassingar. Dei var naturleg vis særdeles spendet på kva dagen skulle bringe, og da er det ekstra trygt at mor og far kunne bli med […]


Skulestart på måndag

Elinor Bolme Onsdag 12. august 2015

Alle elevane ved samtlege skular i Surnadal kommune byrjar skulekvardagen etter ein etterlengta sommarferie måndag 17. august. Tidene varierer litt frå skule til skule.


Sommaravslutning, og avskjed…

Elinor Bolme Tysdag 30. juni 2015

I barnehagen var det i går ei lita markering på at sommarferien snart er komen, og at heile seks ungar no sluttar, for å bli skuleungar. Foreldra til dei som no sluttar hadde med litt kaffebrød og barnehagen ordna med nystekte bakels, saft og kaffe. Veret held seg berre slik passe, så selskapet flytta innomhus etterkvart.


Skuleferie neste!

Elinor Bolme Onsdag 17. juni 2015

Måndag kveld var det sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter. Her hadde alle elvar ved skulen, og ungane i barnehagen i vekene før øva godt for kveldens program. Og det var som vanleg ein fornøyelse å sjå, både for foreldre, søsken og den store mengden med besteforeldre som hadde teke turen til todalsskulen denne kvelden.