Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 243 artiklar i dette arkivet.


Galleri Sand Nordmøre – opnar igjen på fredag

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2026

Fredag er vi tilbake i manesjen fortel Aune Sand på telefon frå hovudstaden – eg gler meg som ein unge på å være tilbake i Todalen og Galleri Sand Nordmøre i Pilskarvegen 33.  Etter ein hektisk sommar startar no arbeidet med å rigge til utstillinga i galleriet, som altså opnar oppatt fredag førstkomande.


Vil ha trygg trafikk i skuleområdet på Øye

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2026

Neste veke er det skulestart, og dermed er det behov for å sette fokus på at skulevegen skal være trygg for alle.  Ikkje minst kjem det ein ny årgang med førsteklassingar som er uvant til å ferdast i områder med mykje trafikk og hektisk aktivitet.  Ordførar Hugo Pedersen er oppteken av at skulevegen skal være trygg for alle, og dreg no igang ei haldningsskapane kampanje for å auke trafikksikkerheita.


Galleri Sand Nordmøre – siste opningsdag i sommar, men opnar igjen til hausten

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2026

I dag var det siste opningsdag for Galleri Sand Nordmøre for denne gongen.  Galleriet har vore ope i 4 veker, så no må vi prioritere prosjekt vi har igang i Oslo-området i nokre veker, seier Aune Sand, som er travel oppteken med å pakke ned utstyr og som skal nå ferja på Kvanne.  Galleri Sand Nordmøre i Todalen opnar igjen til hausten, men dato er førebels ikkje fastsett.


No er Todalen ein del av eventyret!

Jon Olav Ørsal Måndag 19. januar 2026

Vi ser at det blir køyrt kontainere til og frå Todalen skule, kva er det eigentleg som skjer.  Måndag trefte vi Aune Sand i skulebygget, og da var det naturleg å stille nokre spørsmål om kva som er på gang i det gamle skulebygget?   – Det viktigaste no er at det gamle skulebygget er så «ferdig til bruk» som muleg til vi skal opne utstilling og feire 2 x 60 år den 11. mars. – Da er nemleg eg og min tvillingbror Vebjørn 60 år, svarer Aune.


Todalen skule – familien Sand er aktuell kjøpar

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. desember 2025

På neste formannskapsmøte som kjem onsdag 17. desember kjem sal av Todalen skule på saklista igjen.  No er det kunstnarfamilien Sand som er aktuell kjøpar.  Dei vil flytte mykje av verksemda til Todalen og ser for seg å drive med både kunst og kultur, og vil kunne nytte lokala til både atelier, rammeproduksjon, lager og utstilling.


Klassefesten frå 1954 – 70 år etter….

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2024

Det er lenge sia sist, men dei fann fort att tråden.  1947-årgangen hadde sine første skuledag ein av augustdagane i 1954, og da var dei eit årskull på 8 jenter og 4 gutar som starta skulegangen i første klasse i Todalen skule.  Randi Ansnes, seinar gift Ramsøy, var lærar og det som i dag blir kalla klassekontakt for dei nye førsteklassingane.


Kan det bli meieridrift i Todalen skule?

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2023

I ei pressemelding frå Todalen Meieri blir det informert om at selskapet er i forhandlingar med Surnadal kommune om å overta bygningsmassen til Todalen skule.  Plana vidare er å etablere verksemda til Todalen Meieri der.  Dei har lege i startgropa for å etablere meieriverksemda i eigne lokalar heime i Utigarden på Kvennset – no kan planane bli endra. Lokala til Todalen skule har stått tomme sia skulen vart nedlagt i 2021.


Mobiliserer til korpsmusikk på nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2023

17. maifeiring uten korpsmusikk det går ikkje an  – i fleire år har veteranar frå Stangvik skulekorps stilt opp og sørga for korpsmusikk til togent i Todalen.  I kveld var det øving på kantina på Talgø, og her var det 6 personar som møtte.   Det er i minste laget, seier Ingeborg Myrvang som er «primus motor» for  17.-korpset .  Vi mangler nokre grunnstemmer for å få det til å låte bra, så vi setter vår lit til at vi klarer å lokke med oss nokre fleire til å kome med i siste liten. 


Fin og lun advendtstund på Evenshaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. desember 2022

I går kveld inviterte Foreldrearbeidsutvalet (FAU), elevane og dei tilsette ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen foreldre og søsken til adventstund. Elevane, med hjelp frå lærarane, hadde laga underhaldning med sketsjar, dans og songar, der temaet sjølvsagt var jul, og som dei framførte under adventstunda.  


Vangsgutane er i rute…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2022

Søndag fikk vi nærast uventa besøk i redaksjonen! Det var frå Fonna Forlag – redaktør og majoritetseigar Kjartan Helleve som stakk innom. Han hadde ærend i området, og kom på at han skulle stikke innom og sjå seg litt rundt i Todalen når han først var på disse traktane.


Aktivitetsdag på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juni 2022

I dag tok Todalen og Stangvik oppvekstsenter, som til vanleg er lokalisert på Evenshaugen, turen til Todalen for å ha aktivitetsdag på Bordholmen stadion. Her var det mange gjennomført mange forskjellege aktivitetar dei knappe fire timane dei hadde til rådigheit. 


God stemning på møtet om ny bruk av skulebygget

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mai 2022

Det var bra frammøte og stor interesse for framtida til skulebygget i Todalen. Det var Surnadal kommune som inviterte bygdefolket i Todalen til «ide-møte» med tanke på kva som skal skje med skulebygget først og fremst og kanskje seinare også skjebnen til barnehagebygget. Skulen vart som kjent lagt ned etter at skuleåret var slutt i 2021, medan barnehagen vart midlertidig stengt frå same tid. Barnehagen er ikkje nedlagt, og kan søkjast på inntil 2024 og kan bli starta opp igjen dersom det blir nok søkjarar