Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God stemning på møtet om ny bruk av skulebygget

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mai 2022

Det var bra frammøte og stor interesse for framtida til skulebygget i Todalen.  Det var Surnadal kommune som inviterte bygdefolket i Todalen til «ide-møte» med tanke på kva som skal skje med skulebygget først og fremst og kanskje seinare også skjebnen til barnehagebygget.  Skulen vart som kjent lagt ned etter at skuleåret var slutt i 2021, medan barnehagen vart midlertidig stengt frå same tid.  Barnehagen er ikkje nedlagt, og kan søkjast på inntil 2024 og kan bli starta opp igjen dersom det blir nok søkjarar. 

Frå kommuneleiinga deltok Karin Halle, Margrethe Svinvik, Knut Haugen og Råg Ranes. Foto Jon Olav Ørsal

På møtet deltok foruten kommunedirektør Knut Haugen også ordførar Margrethe Svinvik, kommunalsjef Råg Ranes og kommunalsjef Karin Halle  – i tillegg var det fleire politikere som deltok i møtet som forresten var veldig god og positiv tone.  

Som sagt var kveldens møte arrangert for å få idear og innspel frå bygdefolket med tanke på eventuelt etterbruk av anlegget – eller kanskje sal eller riving er eit alternativ.  Kommunedirektør Knut Haugen orienterte om saksgangen for skuleprosjektet, der saksgangen har skjedd frå 2018 og fram til i dag. Sist var det eit møte med Todalen bøgdalag utan at det der kom noko løysing.  Det har vore gjort eit utspel gjennom media med tanke på å få inn idear og innspel, utan den heilt store reponsen.  

Kommunedirektøren fortalte at det har vore sett opp 7 alternativ frå kommunen sis side – alt frå å selge anlegget slik det står til å bygge om anlegget til å tjene andre formål utan at det har vore gjort noko vedtak i saka.  Frå Todalen idrettslag har det vore gjort eit innspel om å leie ballbingen, gymsalen og garderobar sist vinter, og det har vore gjort ein avtale om dette.  Gruppeleiar i Todalen I.L. Ola Dalsegg fortalte at dette har fungert godt, og at det har vore stor interesse for dette tiltaket – eit tiltak som synte at det var viktig for born og unge å ha eit samlingspunkt. Det er nemleg ikkje alle som har alpinsenteret i nærleiken og kan være aktive der.  Aktivitesnivået har dei siste par åra vore redusert på grunn av pandemien, men er no på veg oppatt. 

Skulebygget – den næraste delen er nybygget (1981) som inneheld Bibliotekrom, garderobar, kontor og gymsalen. Det gamlebygget er høgbygget frå 1920-talet. Lengst bak ligg barnehagebygget. Foto Jon Olav Ørsal

Det var fleire som hadde ordet og poenterte kor viktig det er for barn og unge å ha eit samlingspunkt for aktivitetar, og det kom raskt ønske om at kommunen måtte gje tilgang på bruk av anlegget i tidrommet fram til ei avgjerd om framtidig bruk eller riving er gjort.  Det er snakk om ein kostnad i størrelsesorden 70-100.000 for å dekke kostnader med oppvarming og reinhald til bruk eit par kveldar i veka. 

Ballbingen er viktig å ta vare på – den er i bruk kvar dag og er svært viktig for oppvekstmiljøet. Foto Jon Olav Ørsal

Politikarane signaliserte fort at dei kunne tenkje seg å være med på eit opplegg med å kjøpe seg tid til å jobbe meir med ei eventuell løysing.  Ragnar Halle tykte at når kommunen sparte 1,7 mill på å legge ned skulen, så kunne ein del av dette brukast til å støtte drift av anlegget til alternativ bruk.  John Moe etterlyste eit opplegg om at bygda overtok anlegget og fikk med ein sum til vedlikehald og drift kunne være ei løysing.  Han meinte og at det er ei dårleg løysing at slike bygg blir ståande ubruka og viste til nedlagte skulebygg både i Bøfjorden, Betna og i Valsøyfjorden.  Både politikarane Helge Røv, Eli Vullum Kvande og Hugo Pedersen kunne tenke seg ei løysing, der ein kjøpte seg litt tid gjennom ein avtale over f. eks 3 år, slik at ein får eit realt vedtak – enten ovetaking eller riving.  Men først må ein finne ut kva dei forskjellige alternativa vil koste og kva som er realistisk å få ti l – kanskje løysinga er eit spleiselag. 

– Men mange var nok redd for å belaste bygda med meir dugnadsarbeid enn det som alt kviler på bygdefolket – alle anlegga til Todalen I. L. er drevet på dugnad, det same er sanitetshuset og dei fire bustadeiningane som saniteten har og til og med på kyrkjegarden foregår plenkløppinga på dugnad.  Bernt Venås poengterte kor viktig det er å satse på lokalsamfunnet og livet på bygda og tykte at vi har råd til å bidra litt for å hjelpe todalssamfunnet. 

For å arbeide vidare med saka vart det lufta om ein kunne etablere eit utval med deltakarar frå både bygdesamfunnet og frå kommunen – som kunne arbeide vidare for å sjå om det kan finnast ei løysing.  

Publisert: 30. mai 2022, 21:57