Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Fikk lære trafikkreglar

Fikk lære trafikkreglar

Britt Mossing Fredag 9. november 2012

1. og 2. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter hadde hyggeleg besøk frå politiet i dag, Dei snakka om trafikkreglar og bruk av refleks. Alle elevane fekk utdelt refleksvest slik at dei no skal bli godt synlege på mørke haustvegar. Elevane fekk ei påminning om kor viktig det er å bruke bilbelte både i buss og bil.

Les heile saka

Teiknebesøk på Oppvekstsenteret

Teiknebesøk på Oppvekstsenteret

Hanne Berit Mikkelsen, Todalen Oppvekstsenter Laurdag 3. november 2012

Fredag 2.november fekk vi på oppvekstsenteret helse på ein heilt spesiell gjest. Gjesten kjenner vi godt frå før gjennom Barne-TV, DVD-ar, spel, og ulike bøker om teikning. Han heiter Øistein Kristiansen, men på skulen seier vi berre ”Øisteins blyant”. Alle elevane, og dei eldste frå barnehagen, var samla i hallen på skulen. Ut i frå enkle krusedullar og figurar tok han oss, både vaksne og ungar, med på eit heidundranes teikne-show.

Les heile saka

BlimE-dans i oppvekstsentret

BlimE-dans i oppvekstsentret

Britt Mossing Fredag 26. oktober 2012

Fredag klokka 12 var elevane i 3. 4. og 5. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter med og dansa saman med ca 80 000 andre barn i landet. Dette for å markere BlimE. I 2010 starta NRK Super haldningskampanja BlimE som dei markerte med utdeling av armband. I år var det BlimE-dans. Formålet er å […]

Les heile saka

Stor stas med snø for skuleborna

Stor stas med snø for skuleborna

Britt Mossing Torsdag 25. oktober 2012

1. og 2. klassen på skulen var godt fornøgd med den kvite snøen som kom i dag. I gymtimen var dei raske til å få på seg kleda og kome seg ut.Som vi ser på bileta er det berre artigt å rulle seg og bygge i snøen. Dei laga både dyr og stolar dei kunne sitje på. Dei håpar på enda meir snø, sjølv om haggelbygen som kom svei godt i kinna

Les heile saka

Oppstart med barneidrett på Stangvik skule

Oppstart med barneidrett på Stangvik skule

Elinor Bolme Torsdag 18. oktober 2012

Søya IL har tidlegare år arrangert barneidrett for dei ulike aldersklassane ved Stangvik skule. I følge IL Søya sine nettsider har dei i år fått ei ekstra utfordring med hensyn til plassen, då Stangvik oppvekstsenter skal oppussast. Barnehagen ved oppvekstsenteret må derfor blandt anna benytte gymsalen til både oppholdsrom og oppbevaring. Men foreløpig kan gymsalen benyttast og dei vil derfor starte opp der dei første gongane. Og ved nærare beskjed fra barnehagen, blir barneidretten flytta til Myrvang Forsamlingshus.

Les heile saka

Stor dag for mange små

Stor dag for mange små

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. august 2012

Første skuldag er nok ein skikkelg milepæl for mange 6-åringar denne veka. Ved Todalen og Sytangvik Oppvekstsenter er det i år fleire førsteklassinga enn det har vore på lange tider. I år er dei nemleg 10 i talet, og det har nok si forklaring i at elevane frå Stangvik Oppvekstsenter skal ha sin skulegang i Todalen i vinter, medan Stangvik Oppvekssenter blir bygd om og renovert. På første skuledag var det sjølvsagt stor stas og fotografering av førsteklassingane.

Les heile saka

Klare for «storskule» i Todalen

Klare for «storskule» i Todalen

Elinor Bolme Torsdag 16. august 2012

I kveldinga var rundt 70 elevar, med foreldre, småsøsken og nokre tilsette samla til ei sosial samlingsstund ved Todalen Oppvekstsenter. Her fekk elevane og foreldra frå Stangvik oppvekstsenter høve til å bli litt kjent med kva Todalen skule har å by på medan deira eigen skule no snart skal totalrenoverast. Einingsleiar Bjørn Høivik tok med seg dei ulike klassane rundt om på skulen slik at dei fekk sjå kva som har vorte endra slik at det skal bli plass nok for alle å opphalde seg her i ombyggingsperioden.

Les heile saka

Bli-kjent-dag før skuleåret 2012/13

Bli-kjent-dag før skuleåret 2012/13

Elinor Bolme Onsdag 15. august 2012

I morgon, torsdag 16. kl 18 inviterer dei to FAU’a ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter til ein bli-kjent-dag med lokasjon på Todalen Oppvekstsenter. Dette er eit arrangement for alle ungane, foreldra og dei tilsette ved dei to oppvekstsentra som skal tilbringe det neste skuleåret i lag.

FAU stiller med grillar, kaffe og gode kaffebrød.

Les heile saka

I rute til skulestart

I rute til skulestart

Elinor Bolme Laurdag 11. august 2012

Måndag 20. august er det klart for skulestart ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter for rundt 80 elevar og 12 tilsette. Vi har vore på skulens område for å sjå om dei er i rute til denne merkedagen for både todalingar, kvennalandingar og stangvikgardingar. Einingsleiar Bjørn E Høivik bekreftar til todalen.no at dei er i rute. Det står igjen litt både ute og inne, men det er mykje mannskap i sving og det er optimismen som rår, fortel han i ein epost til oss.

Les heile saka